Innholdsfortegnelse
Føremål:
Hypotese:
Teori:
Utstyrsliste:
Figur/bilete:
Framgangsmåte:
Resultat Og Observasjonar:
Fenotypar:
Diskusjon:
Venta Forhold Mellom Fenotypane:
Feilkjelder:
Konklusjon:
Kjelder:

Utdrag
Føremål:
I denne øvinga skal vi studere forholdet mellom genotypane til avkomma når vi gjer få kryssingar, og når vi gjer mange. Vi skal modellere kryssing av erteplantar ved hjelp av papirlappar med ulike fargar.

Hypotese:
Vi brukar Mendel sine forsøk med erteplantar som utgangspunkt for hypotesen.

Vi kan vente at ved gjennomføring av 16 kryssingar vil 9 individ bli gule og runde. 3 individ vil bli grøne og runde. 3 individ vil bli gule og skrukkete, medan 1 individ vil bli grønt og skrukkete.

Teori:
Generelt kan vi seie at krysning er danning av eit nytt individ ved foreining av kjønnsceller frå to individ.

I ei dihybrid kryssing ser ein på nedarving av to ulike eigenskapar som ikkje er koda av to samankopla gen. Dette kan for eksempel vere farge og form til erteplantar, som vi skal sjå på i denne øvinga.

Ved dihybrid arvegang ser ein på nedarving av to eigenskapar der kvar av eigenskapane er bestemte av eit kromosompar.

I denne øvinga skal vi sjå på dihybrid arvegong der genpara ligg på ulike kromosompar. I tilfelle som desse, t.d. ved kryssing av erteplantar, vert eigenskapane nedarva uavhengig av kvarandre.

I denne øvinga går vi ut i frå at kryssingane mellom erteplantane er tilfeldige og at genpara sit på ulike kromosom.

I øvinga ser vi for oss at vi kryssar to gule erteplanta med runde erter. Begge plantane har genotypen GgRr, som er genotypen vi finn i skålene (P-generasjonen).

---

Framgangsmåte:
1. Vi byrja med å klippe eit grønt ark i 4 like store delar. På to av delane skreiv vi stor G og på dei to andre lappane skreiv vi liten g.

Vi gjentok same prosessen med eit oransje ark. Klippa det i fire like store bitar. På to av bitane skreiv vi stor R og på to av bitane skreiv vi liten r.

2. Deretter la vi ein lapp av kvar type i skålene, slik at det i av dei to skålene var lappar som svarte til genotypen GgRr. Vi krølla så alle lappane saman.