Innholdsfortegnelse
Føremål:
Teori:
Utstyrsliste:
Figur/bilete:
Framgangsmåte:
Resultat:
Diskusjon:
Spørsmål:
Feilkjelder:
Konklusjon:
Litteraturliste
Utdrag
Føremål:
Målet med øvinga er å tileigne oss kunnskap om genetisk drift og bruke eit praktisk modellforsøk for å forstå fenomenet betre.
Teori:
Evolusjon av populasjonar kjem av fleire ulike mekanismar, mellom anna genetisk drift.
Genetisk drift går ut på at den genetiske samansetninga i ein populasjon endrar seg som følgje av tilfeldigheiter, ikkje av naturleg utval.
Alle populasjonar i alle storleikar blir påverka av genetisk drift, men det er i små populasjonar at vi ser dei største konsekvensane.
Dette kjem av at der som oftast er fleire individ med same genvarianten i større populasjonar. Dersom mange individ er berarar av ein genvariant er det større sannsyn for at der er berarar av genvarianten også i neste generasjon.
Når skilnadene i gensamansetninga i ein populasjon først har oppstått vil dei forsterke seg sjølv.
På lang sikt kan genetisk drift føre til at nokre genvariantar forsvinn frå populasjonen. Ein vidare konsekvens av at genvariantar forsvinn frå populasjonar er redusert genetisk variasjon i populasjonen.
Genetisk drift kan også føre til at det oppstår større genetiske skilnader mellom ulike populasjonar og eit meir rikt genetisk mangfald.
---
Feilkjelder:
I denne øvinga er det hovudsakleg to menneskelege feilkjelder vi må ta høgde for.
Den første kan vere at personen som trakk perlene ikkje hadde igjen auga heile tida medan perlene blei trekt.
Vidare er det også viktig at dei ulike fargane av perler er godt blanda. Dersom vi i byrjinga ikkje har blanda perlene godt nok, kan dette forstyrre den «tilfeldige seleksjonen».
Legg igjen en kommentar