Innledning
I Norge har vi mange ulike dialektar. Dialekta kan variere utifrå kvar ein er busett. Blandt ungdommen kan ein sjå ein betydeleg forskjell mellom dei som bur på austlandet og dei som bur på vestlandet.

Ein høyrer også at ungdommen i dag brukar andre ord og utrykk enn det vaksne gjer. I denne teksten skal eg skrive om utviklinga av språket blandt ungdommen.

Utdrag
Ungdommen har meir tilbøyelegheit til å bruke slang. Påverkinga kjem særleg frå engelsk. Utrykk som «å chille» er mykje brukt blandt ungdommen, det er ikkje så vanleg blandt dei vaksne.

Det norske språket har blitt påverka av engelsk i mange år. Før var det kanskje vanleg å ta i bruk eitt ord, men no har heile setningar begynt å bli tatt i bruk.

Grunnen til så stor påverking blandt ungdommen kan vere tv seriar. No er det mindre vanleg å sjå på tv og meir vanleg å bruke populære strømmesider som Netflix, der mesteparten av filmane og seriane er engelske.

Nokre kan føle på at den engelske påverkinga kan true det norske språket. Norvagisering er eit tiltak for å motverke påverkinga.

Det går ut på å ta engelske ord og gi det ein norsk skrivemåte. Sjampo er eit eksempel på norvagisering. Ordet er engelsk og den originale skrivemåten er shampoo.

Ein må tilpasse språket etter kven ein snakkar med. Når ein er med venar brukar ungdommar som regel eit uformelt språk der ord som «wolla» og «lø».

Dei forstår kvarandre og kommuniserer med ein talemåte som er tilpassa kvar vennegjeng. Dersom ein skal på eit jobbintervju er det ikkje så lurt å bruke ord som «wolla» og «lø». Då verkar ein uprofesjonell og ein kan oppleve å bli misforstått.

Det same gjeld når ein snakkar med foreldre eller besteforelde, ein bytar på måten ein snakkar på. Den eldre generasjonen har kanskje også adoptert eitt eller to ord frå ungdommane.

I artikkelen ungene våre skjønner ikke bæret skriv han om at han har akseptert at språket forandrar seg og har bytta ut nokre gamle ord og utrykk med det han kallar «fancy engelsk».