Fri flyt av dialektar | Norsk

Innledning
Vi nordmenn er over gjennomsnittet opptatt av kva som skal klassifiseras som ”det norske”. Same oppfatning har ingen av oss, men det er ein sak alle er einige om at er ein viktig del av han norske kulturen, og det er alle dialektane våre. Dei er hata og elska, men dei er i alle fall norske. Else Berit Molde skrev i januar 2015 kronikken ”Knoteren – slangen i dialektparadiset Norge” i VG. Der debatterer ho kring nordmenns syn på endring og tilpassing av dialektar. Vil dei norske dialektene i det hele tatt overleve når vi lever i ei verd som stadig blir meir og meir internasjonalisert?

Innhold
Del A Kortsvar
Å vere flink er han rette vegen til veggen, ikkje det lykkelege liv

Del B Langsvar, oppgåve 2
Fri flyt av dialektar

Utdrag
Norge er eit av landa i verden med best velstand. Vi er nok også eit av dei landa i verden som er mest opptatt av vår eigne kultur og historie. Sjølv om vi ikkje snakkar med kvarandre på bussen og helsar på kjente vi møter på gata, er vi nasjonalistiske som få.

Vi står samla, og er stolte over landet vårt som vi saman har bygd opp. Om dette er av egosentriske grunnar eller har med å gjere at vi igjen blei eit fritt land for berre hundre år sida kan diskuteras. Han norske kulturen er i alle fall ekstremt viktig, og kan på ingen måte endras på.

Særleg dialektane våre er vi veldig opptatte av å ta vare på. ”Vi lever i et samfunn med stor toleranse for å bytte både jobb, kjæreste og bosted. Men forandrer du derimot dialekten din, er du en sviker.” Før i tida endra folk dialekta si for å heve sin sosiale status, men dei som i dagens Norge endrar dialekta si gjer det for å tilpasse seg samfunnet dei lever i.

Helt frå 1600-tallet har desse blitt kalla knotarar, og blitt møtt med stor motstand. I kronikken sin i VG vil Molde fram til at det er på tide at vi tolerer knoting på lik linje med toleransen vi har for å snakke dialekt.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter