Analyse VG | Norsk

Innledning
VG er ei kjend avis, både i form av papir og nett. Nettstaden eiges av medieaktøren Schibsted ASA, og har som føremål å vera ein partipolitisk og økonomisk uavhengig avis for heile Noreg. Dei tiltrekker nesten alle aldersgrupper, frå tenåringar og oppøver.

Dei unge lesarane deira kjem som regel for å lese dei nyaste nyheitene om kjendisar, som blir satt fram med lokkeoverskrifter og oppsynsvekkande bilete.

Resten av lesarane kjem som regel for dei vanlege nyheitene, som sport, politikk eller dei siste nyheitssakane. Mitt fyrsteinntrykk av denne avisa kan ikkje forklarast, ettersom dette er ei tabloidavis eg er vand med å sjå, med tanke på at det er ei av dei mest populære avisene i heile Noreg.

Utdrag
‘’Den gale melankolikaren’’ var om den finske forfattaren Arto Paasilinnas, og livet hans. Det var for det meste informasjon om bøkane hans, og kor fint han fekk fram humoren på si eiga måte.

Det eg så i ingressen, derimot, fortalde meg at han var død, og dette kom berre fram i byrjinga og endinga av teksten. Man så appellforma patos, ettersom forfattaren av artikkelen ikkje var upartisk, og det at artikkelen var til minne om Arto.

Ettersom dette er ei tabloidavis forventar man kanskje å sjå eit nokså enkelt språk, men denne teksten brukar litt meir kompliserte ord, som f. eks. forryka, metafysiske eller arketypiske.

Så sjølv om setningsstrukturen er lett og man skjønar kva teksten handlar om, trekk den seg litt vekk frå andre tabloidavisar. Den hopp rett tilbake til denne sjangeren, derimot, når man ser engelske låneord, som aldri hadde blitt brukt i ei meir seriøs avis.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter