Innledning
Romanen eg har valt å lese heiter «Styrtet engel» med undertittelen «En kjærlighetsroman», romanen er skrive av Per Olov Enquist (1934-2020) , og ble utgitt for første gong på norsk i 1986.
Per Olov Enquist var ein svensk forfattar som gjekk bort i 2020. For å kunne heidra han på 70-årsdagen hans vert litteraturprisen
«PO Enquists pris» oppkalla etter han, som sidan har vorte utdelt kvart år til ein yngre, europeisk forfattar «på veg ut i Europa».
«Styrtet engel» er ein roman som tar for seg fire ulike historier, alle historiene er fletta saman og omhandlar kjærleikens vesen.
Temaet i romanen handlar om kva det vil seie å vere eit menneske, og kor grensa går mot det å ikkje vere eit menneske.
Romanen handlar også om menneske med psykiske lidingar. Forfattaren har bruka fleire verkemidlar for å gi uttrykk til temaet, og det er dette eg skal sjå nærmare på i denne analysen.
Utdrag
Den tredje og den fjerde hovudkarakteren me møter i romanen heiter Pasqual Pinon og Maria, ein deformert skapning med to hovud.
Pinon vert beskrive som ein torturert og kjærleikssøkande mann med hovudet til ei kvinne.
Det kvinnelege hovudet til Pinon er kona hans, Maria. Det var eit elsk-hat forhold som oppstod utan at dei nokon sinne kunne sleppa frå kvarandre fordi dei var to hovud på ein kropp.
Forfattaren har bruka kontraster som verkemiddel for å beskrive situasjonen: «Han definerte dem som et ektepar, det mest berømte kjærlighetspar på den amerikanske vestkysten., først et eksempel på uoppløselig ulykke, så på uoppløselig lykke.» (Enquist, 1986, s.41).
Det er ingen som kjenner til bakgrunnen til Pinon, ingen foreldre eller slektningar, ingen var der då han vert født, ingen veit når han vert født og ingen var der då han hadde døydd.
Sidan han var eit deformert menneske, vert han kalla eit «monster». Forteljaren meiner at dette er det riktige å kalle han. Det er det han kalla seg sjølv.
Romanen følgjer ingen tydeleg kronologi med ein spenningskurve, som leder fram til ein tydeleg avslutning.
Og ein kan sjå at romanen byrjar midt i handlinga, altså in medias res: «Har tatt vare på en av de små underlige lappene hans.
På den står det bare fire ord: Pust frem ansiktet mitt. En bønn? Våknet 3.45, drømmen fremdeles like levende» (Enquist, 1986, s.9).
Legg igjen en kommentar