Øydelegger innvandring det norske språket?

Innledning
Norsk er eit språk i endring - stadig fleire engelske ord og generelt ord frå andre språk blir ein naturleg del av det vi ser på som norsk. Særleg hos ungdomar ser vi store forandringar.

Men kvifor skjer eigentleg denne forandringa? Nokon stadar i Oslo snakkar ein ikkje ein gong norsk - innvandrarane snakkar med andre ord sitt eiga språk i enkelte miljøer, og/eller blandar fleire språk inn i vårt norske, slik at vi får ein versjon av norsk som vil vere uforståleg for alle andre enn dei som har ein personleg tilknyting til miljøet. Det store spørsmålet er: Øydelegger innvandring det norske språket?

Utdrag
Dei siste 200 åra har det skjedd mykje med det norske språket – med alle verdens språk. (Eit språk er alltid i endring, det er det ikkje noko vi kan gjere noko med.) Sidan begynnelsen av 1900-talet har globaliseringa berre aukt.

Det ble mykje enklare å reise frå eit land til eit anna og å kommunisere med folk i andre land over internett. Menneska snakka etter kvart fleire enn eit språk - i dag snakkar mange nordmenn til dømes flytande engelsk, sjølv om Noreg ikkje eigentleg er eit engelsk-talande land.

Med denne evnen til å snakke fleire språk og innvandringa, kom ein mengde nye “låneord” (altså ord som vi har henta frå andre språk.) Naturlegvis kom særleg mange frå engelsk.

Mange av disse orda har erstatta våre norske, og på 80- og 90-talet dukka det opp mange bekymra prognosar: globaliseringa ville øydeleggje det norske språk, og det vil etter kvart døy heilt ut. Kan dette bety at innvandring – som ein del av globaliseringa kan øydeleggje det norske språket?

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter