Innledning
Norsk er eit språk i endring - stadig fleire engelske ord og generelt ord frå andre språk blir ein naturleg del av det vi ser på som norsk. Særleg hos ungdomar ser vi store forandringar. Men kvifor skjer eigentleg denne forandringa?
Nokon stadar i Oslo snakkar ein ikkje ein gong norsk - innvandrarane snakkar med andre ord sitt eiga språk i enkelte miljøer, og/eller blandar fleire språk inn i vårt norske, slik at vi får ein versjon av norsk som vil vere uforståleg for alle andre enn dei som har ein personleg tilknyting til miljøet. Det store spørsmålet er: Øydelegger innvandring det norske språket?
Utdrag
Naturlegvis kom særleg mange frå engelsk. Mange av disse orda har erstatta våre norske, og på 80- og 90-talet dukka det opp mange bekymra prognosar: globaliseringa ville øydeleggje det norske språk, og det vil etter kvart døy heilt ut.1
Kan dette bety at innvandring – som ein del av globaliseringa kan øydeleggje det norske språket? Ca. 12,2% av Noregs befolkning er innvandrarar.
Det utgjør omtrent 601.000 personar. 601.000 personar frå 216 forskjellige land, som snakkar mange forskjellige språk.
Dei største gruppene av innvandrarar kommer frå Polen, Sverige, Pakistan, Somalia, Tyskland, Irak og Danmark. 2 Sjå på desse landa.
Det er inga engelsk-språkelige land der, men likevel er det klart fleire engelske låneord i det norske språket enn låneord frå andre språk.
Det må bety at det ikkje eigentleg er innvandrarane som er ein trussel mot det norske språket, fordi dei fleiste av dei tross alt ikkje er engelske.
(Mye av grunnen til dette er at vi blir påvirka av amerikanske filmar og tv-programmar som vi ser på. Vi blir påvirka av den amerikanske kulturen.
I tillegg har spillforum og internett generelt skylda for at det engelske kjem meir og meir.
Legg igjen en kommentar