Det norske språket er en vits | Analyse

Innledning
Denne teksten skal ta for seg kronikken Sanna Sarromaa publiserte i VG 7. mars 2020.

Kronikken heiter Det norske språket er en vits, og tek for seg korleis det norske skriftspråket blir «inkonsekvent og rotete» grunna Språkrådet og deira reglement (Sarromaa, Sanna Sarromaa: - Det norske språket er en vits, 2020).

Sarromaa sjølv er ein finsk forfattar som er veldig open om sine meiningar og kritikk angåande norsk kultur og politikk.

Det norske språket er en vits er dermed ikkje noko utanom dei vanlege kronikkane til Sarromaa, t.d. den norske skolens forfall, kor ho også kritiserer det norske systemet og korleis ein inkluderer alle i samfunnet (Sarromaa, Den norske skolens forfall, 2019).

Innhold
Innleiing
Etos
Logos og patos
Skriv for å provosere
Mangel på historisk og sosial forståing
Norsk held seg som norsk
Avslutning

Utdrag
Då ho seier at «språkrådet mangler et språkpolitisk syn og en linje» visar Sarromaa til mangel av innsikt i den norske språkhistorie.

Det norske skriftspråk har gjennom 1800-tallet utvikla seg til to forskjellige språk, kor det eine er basert på byfolket og eliten, mens den andre vart basert på bygdefolket og arbeidarklassen.

Gjennom 1900-tallet var klasseskiljet så utbredd og stort at ein måtte gjere noko med det, og dermed blei det ein gradvis tilnærming i dei to målformene (samnorsk).

Bokmålssia blei provosert av dette, og ein fekk på 50-talet tilbake skiljet mellom nynorsk og bokmål, men det ende med at nynorsk likna meir på bokmål enn før.

Ho visar til at medianalderen i [det franske språkrådet] er på rundt 70 år, men det Sarromaa ikkje forstår når ho skriv kronikken sin, i mi meining, er at dei som endrar språket er dei yngre generasjonane, kor diversiteten i talespråket blir stadig større frå tidlegare generasjonar, med kebabnorsk og låneord.

Om ho vil nå fram til nokon med denne teksten som har makta til å få det endra, så bør ho appellere til dei yngre, og ikkje trykke ned på skrivemåten dei eldre generasjonane har latt dei bruke, gjennom samnorskdebatten på 1900-talet.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter