Innledning
Førestillinga om det norske, kva vil det seie? Ein idé? For nokre år tilbake, la oss seie 1800-tallet. Då var det ikkje så nøye med framstillinga av det norske. Dei aller fleste budde i trehus på gardar, mjølka kyr og stod på ski.
Den harde jobben med å byggje ein nasjonalidentitet var på lang veg nådd, eller var det kanskje ikkje så nøye med korleis han vart? I dag derimot er fokuset på det norske mykje større, eg kan vel eigentleg kalle det ei «identitetskrise». Kva skal folk gå etter? Kva er det ekte norske?
Utdrag
Tilbake til spørsmålet om korleis ein blir norsk. Kva er den lenge etterlengta oppskrifta? Teksta «Når blir jeg norsk?» av Rima Iraki, vart publisert i Aftenposten i 2010.
I teksta stiller Iraki forbauset til alt det som ikkje gjer ein norsk. Å vifte med det raude passet, å kunne språket godt, å betale skatt, å synge nasjonalsangen, heller ikkje det å føle seg norsk er nok.
Det kreves visst mykje for å bli sett på som norsk. Kanskje problemet er at «det norske» alltid må vere perfekt, og at måla rett og slett er uoppnåelige. I teksta nemner Iraki ein 53 år gammal mann som drap kona si.
I ettertid har mediene raskt påpekt at han vart av utanlandsk opphav, til trass for at han hadde budd i Noreg i over 20 år. På den andre sida nemner ho òg Moa og Tarik Elyanoussi som skårer «norske mål».
Legg igjen en kommentar