Innledning
Folkedikting er noko som finns overalt i verda. Overalt finns det ulike historier som har blitt fortalt om igjen munnleg gjennom historia, og dei er godt dokumenterte i Europa.

Takket vere nedskrivinga av eventyr har dei blitt godt bevara. Mange eventyr har blitt fortelja igjen i mange generasjonar, og på ulike måtar, som er kvifor vi har mange ulike eventyr som forteljar same historia med andre ord.

I Noreg brukar vi å ha troll og andre fantasidyr frå Skandinavia med i eventyr, men det finns mange andre kjenneteikn. Kva er dei eigentleg?

Eit godt eksempel på eit eventyr som har mange typiske kjenneteikn er «Oskeladden som kappåt med trollet», eit klassisk eventyr som omtrent alle i Noreg har høyrd. Dette er eit folkeeventyr, som blir rekna som eit undereventyr, altså eit eventyr som omhandlar overnaturlege skapningar.

Utdrag
Strukturen i eventyret er enkel. Helten har ein konflikt, og eitt mål. Dei rundt han trur ikkje han vil greie det, men han gjer det ved å bruke hjelp han har fått på vegen, i dette tilfellet, ryggsekken med niste. Dei viktigaste augeblikka som har mest å seie for korleis slutten blir, er dei som skjer til sist.