Innholdsfortegnelse
Del a – Kortsvarsoppgåve
Kjeldeliste:
Del B - Langsvarsoppgave
Kjeldeliste:

Utdrag
Soga om Gisle Sursson Sagalitteraturen er ein del av den norrøne litteraturen. Den inneheld blodige og dramatiske forteljingar om dei norske kongane, heltane frå eddadiktinga og store slekter frå Island og Norge (kjelde 1).

«Soga om Gisle Sursson» handlar logisk nok om Gisle, ein utifrå djerv mann som er lyst fredlaus på grunn av drap.

Øylov Grå har tatt på seg å hemne drapet mot betaling. Dramaet som utartar seg er av blodig sort, akkurat slik sagalitteraturen er kjend for å vere.

Med eit sparsamt bruk av miljø- og personskildringar, er det dei viktige og dramatiske høgdepunkta som dominerer hendinga.

Eit av dei viktigaste verkemidla i sagaen er litotes, som er å skildre dramatiske hendingar som om dei er heilt alminnelege.

«Dei la då til han med spyda så innvolane hans fall ut, men han sveipte innvolane og skjorta inn til seg og batt om nedantil med reipet».

Som eit viktig særpreg ved sagalitteraturen kjem det ein slåande replikk rett før Gisle fell om, her i form av eit kvad: «...

Eg ved godt mot er, Enda om sverdeggar vel smidde, meg sårar. Sverd lærte far meg å tole!».

Han beheld med dette både ære og styrke, og viser at han ikkje er redd for døden. Om Gisle står det også: «... han veik aldri unna, og ikkje såg dei at det siste hogget hans var svakare enn det første.»

Forteljinga er skrive med ein autoralt refererande synsvinkel, forfattaren står på utsida og personane vert presentert gjennom handling og replikkar.

---

Hovudpersonane i denne forteljinga er som nemnt brørne Tore og Tomas. Me får vite at dei er åtte og atten år, Tore har ei Mikke Mus-klokke og Tomas køyrer bil og har kjærast.

Ein får inntrykk av ein god relasjon dei i mellom, og at dei er svært glade i kvarandre. «...Han løftar Tore høgt opp i lufta og snurrar han rundt», ein kan sjå for seg at dette er ein gledeleg og leiken gest.

Personskildringane i novella er både direkte og indirekte. Me får direkte personskildring av Tomas, på måten Tore ser han på.

«Tomas – som er så god til å fortelje vitsar, så fæl til å kitle og så sterk at han kan hive Tore opp i lufta».

Tore verkar som ein glup unge, han er nysgjerrig som ungar flest, men han visar også omsorg for dei han har rundt seg.