Innledning
Islendingesagaane er ein del av den norrøne litteraturen, og tekstutdraget frå Soga om Gisle Sursson er typisk for sjangeren.

Lesaren blir vitne til ein blodig kamp mellom Gisle og Øyolv, der ære og hevn er hovudtemaet. Det handlar om Gisle som er lyst fredlaus på grunn av eit drap, og Øyolv som mot betaling skal hemne dette drapet saman med sine 14 menn.

Soga om Gisle Sursson er skriven i fortid, og forteljaren står utanfor handlinga og har ikkje innsyn i personane sine tankar og kjensler.

Det er berre gjennom det personane seier og gjer at lesaren får informasjon om korleis Gisle og Øyolv er som typar. Ein slik autoral synsvinkel gjev teksten preg av være objektiv, og dette valet handlar om å auke teksten sin truverd.

Utdrag
Innhaldet i utdraget er typisk for islendingesagaene, og kampen mellom Gisle og Øyolv er båe hard og heroisk. Når Gisle hogg til Svein og kløyvde han ned til akslene, kjem idealet for vikingmannen tydeleg til uttrykk.

Og sjølv om Gisle er blitt spidda «med spyda så innvolane hans fall ut», så fortsetter han å kjempe. Han bare «sveipte innvolane og skjorta inn til seg og batt om nedantil med reipet.» (“Tidligere_eksamensoppgaver (2).docx - Tidligere gitte ...”)

Desse dramatiske hendingane blir fortalt ganske tørt og utan kjensler, som om dei er heilt alminnelege, noko som kanskje har leia sagalitteraturen sin stadige popularitet.