Innledning
Gunnlaugs saga er ein av dei mest kjente islandske sagaene, som blei skrevet ned på 1200-tallet. Det er ei kjærleikshistorie som handlar om 2 unge menn, Gunnlaug og Ravn , som slåst om den same jenta, Helga den fagre.

Utdrag
Synsvinkelen i sagaen er autoral og refererande. Det vil sei at fortelar deltar ikkje med i handlinga.Han/ho observerer personar og hendingar utanfrå, «flue på veggen».

Den refererande synsvinkel gjer at personane i sagaen blir då framstilt med både gode og dårlege sider.

Menneskjene blir skildre utanfrå, og me får ikkje veta kva dei føler og tenker. Istadenfor blir me kjent med dei gjennom det dei seier og det dei gjer.

Til dømes: « Ikkje skal eg halte» så lenge begge føttene er jamnlange», dette vitnar om ein person som er sterk både fysisk og psykisk.

I denne sagaen er forfattaren objektiv, han tar verken ei side eller kommenterer kva som blir gjort og sagt.

Godt eksempel på det; « Ikkje skal eg svike deg», svarer Ravn. Så gjekk Gunnlaug til ein bekk og henta vatn i hjelmen sin og bar det til Ravn.

Han tok imot det med venstre hand, men med sverdet i den høgre hogg han til Gunnlaug i hovudet så det vart eit ovstort sår».

Her ser me at ingen beskrivelser er gitt og ingen følelser er innblandet. Det einaste forfattaren beskriver er at Gunnlaug fekk eit «ovstort sår».

Som eg har nemnt tidlegare så er forfattaren nøytral, og seier ikkje direkte kva enkeltindivida tenker eller meiner. Men ut i frå dialogane i sagaen, kan me tenka oss fram til kva dei ulike karakterane tenker.

Forfattaren veljar ut det viktigaste og skrivar konkret om kva som skjer. Han lar være å ta me unødvendig informasjon, og gir lesaren eit tidleg bilde om kva som skjer.

Eksempel på det; «Ein dag på tinget da det var mykje folk på Lovberget og dei var ferdige med å avgjere rettssakene, kravde Gunnlaug togn og sa: Er Ravn Ånundsson her?

Han svarer at han er der. Gunnlaug sa da: Du veit at du har teke den kvinna som har lova meg, og såleis sett fiendskap mellom oss.