Innledning
På 1900-talet utførte staten mange reformer for skriftspråket i Noreg.

Skriftspråket har vore strengt regulert, mens talemålet ikkje har vore det.

Ei stund ønskja mange nordmenn å smelte saman dei to skriftspråka vi har i dag, til samnorsk.

Er det lurt å ha eit talemålsnært skriftspråk i eit land med så stor mangfald av ulike dialektar?

Vil det bli for radikalt? Eller burde vi fortsetje slik vi gjør no, med to skriftspråk der avstanden er tydeleg mellom skrift og tale?

Utdrag
Folket ønskja samnorsken i ein periode, men det vart etterkvart for radikalt for mange.

I 1951 kom foreldreaksjonen. Barnas foreldre reagerte på dei radikale forandringane og gjekk til aksjon mot samnorsken i form av underskriftar, demonstrasjonar, annonser og retting av barnas bøker. Språket vart for likt og for radikalt.

Folket talte og ønskja ikkje å setje saman dei to skriftspråka. I 2005 vart samnorskdebatten lagt død, og det vart konstatert at nynorsk og bokmål skulle vere to ulike måtar å skrive norsk på.

Endring av skriftspråk vil føre til endring av talemåten. Arne Torp spør om vi bør ha eit skriftspråk som er talemålsnært eller om vi bør ha avstand mellom skrift og tale.

Eit anna viktig spørsmål er kva for eit talemål det nye skriftspråket eventuelt skulle vore basert på. Norge er eit land rikt på dialektar og ulike talemåtar.

Viss ein skal ha eit skriftspråk som liknar på talemålet vil det føre til at mange menneske må endre på måten dei snakkar på. For nordmenn er språk identitet.

Gjennom korleis ein snakkar har ein tilhøyrsel til ein stad, og måten du snakkar på seier mykje om kven du er.

Derfor kan ei endring av skriftspråket enten vere katastrofalt for det norske folk, slik at dei vil miste sin identitet. Eller så vil det skape kaos i skriftspråk og talemål.

Nordmenn tar ikkje godt i mot krav frå staten om korleis ein skal snakke.

Ein gong har den norske stat prøvd å regulere korleis ein skulle prate.

Det førte til at dei fleste ignorerte reforma og snakka slik dei alltid hadde gjort.