Innledning
I Noreg pleier vi å skilje mellom illegale og legale, dvs. ulovlege og lovlege rusmiddel.
Lovlege rusmiddel i Norge er alkohol og nikotin ( snus og røyk), medan illegale rusmiddel er hasj, khat, GHB, heroin, kokain og ectacy.
Men i nokre tilfelle kan desse illegale rusmiddela bli brukt i ulike former for behandling av sjukdommar.
Årsaker til at nokre blir rusmisbrukarar kan vere svært forskjellige, og avhenge av mykje, vi kan blant anna sjå på ei rekke teoriar om årsaker.
Vil en oppvekst med mykje rusmiddelbruk føre til økt bruk av ungdom?
Utdrag
Ungdomstida byr på ei rekke utfordringar. Knytt til identitet, og rolle er det vanskeleg å finne sin plass i samfunnet.
I løp av nokre få år, skal dei unge finne ut at kven dei er, kva dei vil, og kvifor dei vil dette. Knytt til rus og unge har vi og «flinkis-ungdommen».
Ungdom har blitt flinkare, og meir seriøse knytt til skule, trening og vennar, men dette har og ei bakside.
Det konstante presset, har ført til at unge rusar seg med illegale rusmiddel for å få eit friminutt i kvardagen.
Unge bruker gjerne rus for å handtere problema knytt til rolleforvirringa, i tillegg er det fristande å nytte rusmiddel for å fram stå meir vaksen.
For mange er det ein naturleg del av kvardagen å starte å feste på vgs.
Her blir og tilgangen på alkohol større, for festar er i stor grad ikkje lenger under kontroll av foreldre, eller lærarar.
Her er også ei rekke eldre ungdommar, som er gamle nok til å drikke alkohol.
Her blir mange påverka til å prøve, og dersom alle andre i vennegjengen prøver, så «må» ein prøve sjølv og.
på vg1. På vg1 er fleirtalet av elevar 15-16 år, og grensa for bruk av røyk, snus og alkohol er 18 ( 20 for brennevin osv.)
Resultata vi fekk tilbake var skremmande, knytt til alkohol har 78% prøvd dette rusmiddelet, og 66% bruker dette rusmiddelet regelmessig.
Er det tilgangen på rusmiddel som er problemet? Eller er det spenningsmomentet? Tidlegare har det i meida blitt snakka mykje om at det er gutar som nyttar rus i størst grad før dei er 18.
I denne undersøkinga fann vi eit anna resultat. (NB! Denne undersøkinga er ikkje representativ for heile Noreg, men kun for denne skulen).
Legg igjen en kommentar