Innledning
I tida etter 1814 var folk i Noreg opptatte av at me skulle få fram «det ekte norske», etter over 400 år i union med Danmark. Dei nasjonalromantiske ideane frå Tyskland vart og sentrale i Noreg, og difor leita ein etter ein særmerkt nasjonal identitet.
Utdrag
Difor fekk me i Noreg ei ekstra utfordring: Korleis finna den nasjonale språkidentiteten vår, når skriftspråket var dansk? Korleis skaffa ein særnorsk språkidentitet? 1800 – talet er sterkt prega av denne språkdebatten.
Det å gå frå å vera dansk til norsk var ikkje enkelt. Henrik Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og Asbjørnsen og Moe er folk som har hatt viktige tydingar for korleis språket vårt har utvikla seg slik det har.
Henrik Wergeland dreiv og fornorska dansken. Han omsette fleire ord frå dansk til norsk, til dømes det som på dansk var «pige», til «jente» på norsk.
Bjørnson tok fatt i setningsoppbygginga. Han gjorde om på setningane slik at dei likna meir på måten vi snakka på. No seier vi «den nye bilen», medan det før vart sagt «den nye bil».
Asbjørnsen og Moe spelte og ei viktig rolle i fornorskinga av dansken. Dei reiste rundt å fortalde folkeeventyr, og på denne tida var det utfordrande å skriva alt ned slik dei vart fortalde.
På grunn av dette vart det difor lagt inn mykje norske ord i desse eventyra. Knud Knudsen og Ivar Aasen er sentrale når det gjeld kvifor skriftspråket vårt er som det er. Det var desse to som la grunnlaget for dei to norske skriftspråka bokmål og nynorsk.
Legg igjen en kommentar