Innholdsfortegnelse
Oppgåve 1:
Oppgåve 2:
Utdrag
Omtrent 90% av ordforrådet i norsk og svensk er likt, dette gjeld óg den grammatiske oppbygningen av språka.
Språk kan vera i familie eller nærståande, og det er nemleg norsk og svensk då dei begge er utvikla av det same språket, norrønt.
Som nemnt er mykje av det svenske språket likt det norske, naturlegvis finst det forskjellar som i bøyingsendingar.
I Noreg seier ein «flere viser» og i Sverige seier ein «flera visor», likevel er det ein stor del som er heilt likt eller liknar.
Svensk skil seg ut frå norsk då dei har ord som har komme frå andre land som til dømes Frankrike. I Noreg seier ein «fortau», medan i Sverige seier ein «trottoar» som kjem frå det franske ordet «trottoir».
Bøying på svensk har små forskjellar frå norsk. På svensk sluttar dei fleste verb i infinitv på – a («att leva», «att svara») både skriftleg og munnleg.
På norsk bruker me e-ending i infinitiv («å leve», «å svare»). Det er óg ein forskjell på dei grammatiske kjønna i substantiv; på svensk har ein berre to kjønn, felleskjønn og inkjekjønn («pojke» og «flicka»), men på norsk har me både hankjønn, hokjønn og inkjekjønn («en gutt», «ei jente» og «et eple»).
Legg igjen en kommentar