Innholdsfortegnelse
Oppgåve 2
- Haldningar Og Verdiar Til Det Norske Språk
- Kjelda:

Utdrag
I denne oppgåva skal eg skrive ein resonnerande tekst der eg reflektera over kva for haldningar og verdiar språket kan uttrykkje.

Eg tar utgangspunkt i dei to vedlagte tekstane «Å, så vakker dialekt du snakkar» av Jon Peder Vestad og «Om nordmenn og andre ordmenn» av Erlend Lønnum.

I tekstvedlegga ser vi ein rekke synspunkta og dømer om ulike holdningar og verdiar som kommer i konflikt med kvarandre.

Dette ser vi at i stor grad handlar om identitet og at ulike haldningar i samfunnet er med på å påverka identiteten din.

I teksten «Å, så vakker dialekt du snakkar» av Jon Peder Vestad, frå antologien Snakk om språk (2008) trekker Vestad frem ulike synspunkta rundt holdningar til dialektar.

Makt, prestisje, skjulte fordommar og humor og latter er nokre av hovud synspunkta Vestad utdjupa i teksten sin. Vestad skriv at «det er oftast den med mest makt som kan eller tør gje kompliment».

Deretter skriv han at det er den som roser som ønskjer å vise sin eigen posisjon, og at målet er å markera at det andre talemålet er meir uvanleg enn sitt eigne. Til dømes er sidemål i skulen eit vanleg tema i norsk språkdebatt.

Dersom vi skal avskaffe sidemål i skulen, vil det bli eit større skilje mellom bokmål og nynorsk. Ein grunn til dette er at ditt sidemål vil bli heilt framand og din språkkjennskap vil bli dårligare.

Nå er nynorsk eit skriftspråk og ikkje eit munnleg talemål, men ein lærer framleis om norsk språk gjennom skriving.

Målforma er ekstremt skeivfordelt, med rundt 12 prosent som skriv nynorsk mot 88 prosent som har bokmål som sitt hovudmål. Makthoppet er derfor enda større enn før.

Prestisje er eit anna viktig omgrep som er med å forklara kvifor ein har ein tendens til å rakke ned på andre med ulik dialekt enn det ein sjølv er vandt med.

I dag er det meir vanleg å låne prestisjen frå engelsken. Å bytte ut norske ord med engelske kan indikere at man heller nedprioriterer vår eigen språkbakgrunn.

Vestad skriv at nordmenn heller ønskjer å låne ord frå språk og grupper med prestisje, spesielt engelsk.

Erlend Lønnum skrev ein kommentarktekst «Språkbrukaren» i 2016 der han argumentera for at vi må bruke norsk når vi kan, og engelsk når vi må (Lønnum 2016).