Innledning
Med desse skildrande orda innleier Rolf Jacobsen det modernistiske diktet «Byens Metafysikk». Jacobsen trekker lesaren direkte inn i handlinga med ein relativt kort setning, som ganske umiddelbart stadfester settinga.

Lesaren vert nærmast dradd med under bakkenivå. Han tek i bruk ei gjentaking av ordet «under» for å få fram eit poeng. Her, under bakken, skal Rolf Jacobsen no openberre kva som går føre seg.

Settinga i seg sjølv vert nærpå eit symbol på essensen av det han vil fortelje oss. Under bakken er menneskjer ikkje i stand til å følgje med på kva som skjer.

Det er ei usynleg verd, åtskilt frå menneskjers daglege liv og merksemd. Kva er det med denne underverda som er verdt å setje fokus på?

Utdrag
Som ein grell kontrast til denne uhyggelege underverda, trekk Rolf Jacobsen plutseleg fokuset vekk frå kloakken og dei hule gassleidningane, og sett i staden 2 fokuset på verda over.

Han tek til og med i bruk dei orda, «over asfalten» for å markere denne forskjellen. Ved fyrste augnekast kan det sjå ut som at det han beskriv i dette avsnittet er ein direkte motsetning til dei førre strofene, med tanke på uhygge og negativitet, fordi den trugande tonen har forsvunne.

Nå tek han i bruk meir positivt lada ord og uttrykk, som «danser», «silke» og «ny kåpe i solskinnet». Like fullt trur eg at det mellom linjene i dette avsnittet gøymer seg eit bodskap som om mogleg er enda meir håplaust. Menneskjene i denne verda har begynt å ignorere underverda.