Innledning
I 1814 fekk Noreg si eiga grunnlov. Då hadde dansk vore det einaste skriftspråket i fleire hundre år. Mange nordmenn hadde ingen problem med det og oppfatta dansk som sitt eige språk.
Utover i 1830-åra byrja likevel enkelte å tenka at ein eigen norsk stat òg måtte ha eit eige norsk skriftspråk. Det førte til det som i språkhistoria kallast «den norske språkdebatten».
I spørsmålet om korleis ein best kom fram til eit nytt språk, diskuterte dei fleire moglegheiter. Den eine var og behalda det danske skriftspråket. Dermed kunne ein og halda oppe den danske kulturtradisjonen.
Tilhengarar av denne ideen var dei fleste embetsmennene i Noreg, Johan Sebastian Welhaven og Peter Andreas Munch.
Munch hadde også ein ide om å laga eit heilt nytt norskspråk med utgangspunkt i norrønt, men dette var ikkje noko som han tenkte vart realistisk.
Ein anna moglegheit som vart diskutert var å gradvis fornorska det danske språket ved å ta inn norske ord og vendingar. Skriva meir i samsvar med uttala. (Fornorskningslinjen).
Utdrag
Arbeidet til Ivar Aasen resulterte i det skriftspråket som i dag kallast nynorsk.Henrik Wergeland ønskte ein gradvis fornorsking av det danske skriftspråket, særleg gjennom særnorske ord og utrykk.
Danske ord og uttrykk måtte avløysast av norske, og skrivemåten burde bli meir tilpassa norsk uttale. Han brukte sjølv norske ord og utrykk i sine eigne tekstar. Han ville styrke den nasjonale identiteten gjennom eit nasjonalt felles språk.
Han meinte også at det ble meir demokratisk dersom fleire kunne forstå betre. Wergeland var preget av nnasjonalromantiske tanker.
Asbjørnsen og Moe fornya og fornorska det dansk-norske skriftspråket. Dei viste korleis ein kunne ta element frå norske dialektar inn i dansken.
Dei gjorde dette då dei skreiv ned eventyra. Dei skreiv på dansk, men når det var sitat frå menneskar eller dyr så putta dei inn norske ord og utrykk. Det vart ein suksess, mellom anna fordi bøkene deira vart mykje lest, og spesielt av barn.
Vidare kom Knud Knudsen, som stod heile det vaksne livet sitt som frontfigur for ideen om gradvis fornorsking basert på den landsgyldige norske uttale.
«Dansknorskheten går ut på å utbedre og sette i stand» (Knudsen, 2021) er eit sitat av Knud Knudsen om korleis han ville danna det nye språket.
Han ville utbetre og sette i stand dansken slik at det ble meir norsk, i tillegg forsterkar det argumenta hans om kampen for ein ortofonisk (lydrett) rettskrivning og for heider av dei særnorske trekka i dagligtalen.
Legg igjen en kommentar