Innledning
Korleis kan to tekstar med fleire århundres mellomrom ha noko til felles? Eg skal sjå på liknadane mellom sagaen om Gunnlaug Ormstunge og teikneserien om Also Monard.

Det er sjølvsagt mykje som skilar dei to tekstane, ettersom dei er skriven med om lag 800 års mellomrom.

Sjølv om både litteraturen og samfunnet har endra seg på dei 800 åra, kan vi forsett finne liknadstrekk i tekstane, men fyrst er det greitt med et overblikk over handlinga: Soga om Gunnlaug Ormstunge handlar om Gunnlaug som ynskjer å reise vekk frå heimstaden si for å oppleve verda.

Faren til Gunnlaug tykjar ikkje dette er ein god ide sidan han meiner det så vidt er mogleg å styre Gunnlaug i heimen, så det vil være heilt umogleg å styre han i utlandet.

Til tross for dette blir Gunnlaug i teksten beskriven som «svært tidleg vaksen, og stor og sterk». Han går til slutt i mot faren og reiser vekk.

Utdrag
Ved første blikk verkar det ikkje som om dei har så mykje til felles, men når du tenker på det er det fleire liknadsstrekk, som eg skal ta for meg nå.

For det fyrste handlar begge desse tekstane om kva som er forventa av sønene. Faren til Gunnlaug forventa ikkje at Gunnlaug ville lykkast i utlandet og nektar han å reise.

Faren til Aldo hadde ikkje forventa at Aldo skulle ta før seg alle desse tinga, men han sett ikkje spørsmålstegn ved det og vart heller imponert.