Innledning
Partane i denne saka er Fjottolf og påtalemakta. I oppgåveteksten påstår Fjottolf at han ikkje kan straffast for drap, sidan han ikkje meinte å drepe, og dermed er uskyldig.
Men eg føreset at påtalemakta meiner han er skyldig. Det rettslege grunnlaget for å løyse denne saka er straffelova av 2005, særlig § 275 og Grunnlova § 96. Alle §§ er frå straffelova om ikkje anna er nemnt.
Utdrag
Det er ikkje tvil om at Fjottolf slo til mattelæraren i ansiktet med eit balltre, slik at han segna om og fekk sterke skader, sidan oppgåva fortel dette i klartekst.
Mattelæraren hadde ikkje blitt påført skade utan at Fjottolf hadde slått han i ansiktet. §274 om grov kroppskade er oppfyllt. §275 seier at den som dreper ein annan person skal straffast med fengsel frå 8 inntil 21 år.
I følge oppgåveteksten døydde mattelæraren kort etter slaget frå Fjottolf. Eg føreset at læraren døydde pga.
Slaget frå Fjottolf, sidan oppgåva ikkje tilseier nokon annan grunn for dødsfallet. Dermed har Fjottolf oppfyllt gjerningskildringa for drap, slik §275 krev.