Innholdsfortegnelse
Da dagslyset ble til mørket
Samanlikning av «Det lysnet i skogen» og «Byen»

Utdrag
Sangen om den røde rubin er ein samfunnsutfordrande roman som vart gjeve ut i 1956 av forfattaren Agnar Mykle.

Ved bruk av ulike verkemidlar skildrar Mykle korleis hovudpersonen Ask Burlefot har det.

Den fyrste setninga i det fyrste avsnittet av utdraget brukar forfattaren gjentaking for å skildre stemninga mellom Ask og kvinna på parkbenken: «trette av å spasere, trette av å røke».

Vi finn også ein slag sirkelkomposisjon i same setninga, ved at den begynner og sluttar med «natta er i ferd med å dø».

Gjentakinga og komposisjonen gjer at lesaren får ein følelse av at det verkeleg hastar for Ask, om han skal nå målet sitt.

Ved bruk av metaforar for Mykle tydeleg fram at Ask er forberedt på eit nederlag.

«Det er som om universet blir en (…) umåtelig klokke av ørtynt krystall» og «Det første ord vil få klokken til å splintres».

Her har nok Ask sett kor vegen vil føre, men håpet er ikkje ute før hennar «svar uten apell» gjev ei anerkjenning på nederlaget.

Vidare brukar forfattaren personifikasjonar som gjer at teksta blir endå meir kjensleladd. Når han skriv at «Tiden blir tom», verkar det som at Ask stoppar opp innvending, medan han ventar på eit svar frå kvinna.

---

«Det lysnet i skogen» er eit dikt som er skriven av forfattaren Jørgen Moe i 1850. Moe var ein kjend norsk diktar, og ein pioner for innsamlinga av folkedikting på 1800-talet.

Saman med Peter Christen Asbjørnsen skapa han dei banebrytande samlingane Asbjørnsen og Moes Norske folkeeventyr. (Wikipedia, 2021)

«Byen» er også eit dikt og er skriven av forfattaren Sigbjørn Obstfelder i 1893.

Obstfelder var ein kjend norsk forfattar og er den fremste representanten for ein tideleg modernistisk lyrikk i Noreg, som har gjeve ein sterk innflytelse på seinare norsk lyrikk.

Han var kjend for frie vers og ei uttrykking av ein kjensle av angst, einsamheit og framandfølelse. (Hagen, 2019)

Motivet i begge dikta handlar om å reise frå naturen til byen, men motiva skildrast ganske forskjellig.

I «Det lysnet i skogen» handlar reisa til eg-et om eit vemod, da han lengtar attende til naturen der han føler seg heime.

Eg-et høyrer nærast at naturen kviskrar til han når han er på veg mot byen og når han er der som forsterkar lengselen hans.

I «Byen» er det ei angstframkallande påverking på eg-et når han kjem til byen.