Innledning
Jorda vår er i ferd med å forvandlast. Vi menneske er store delar av årsaka til problemet. Vi bygjer hus, vegar og bygningar der det passar oss.
Når vi endrar jordkloden på denne måten, endrast også livsmiljøet til dyra, og dei får problem med å overlev.
Dette er noko Alexander Kielland tek opp i «Torvmyr», henta frå samlinga Nye Novelletter frå 1880 i realismen.
Her møter vi ein eldre ramn som flyg over eit område og oppdagar miljøforandringane. Området er blitt ugjenkjennelig på berre nokre år.
Forholdet mellom menneske og miljøøydelegging blir også skildra i diktet «stup» av He Dong, skrive i nyare tid.
Det er henta frå diktsamlinga skyggeløs frå 2018. I diktet står jorda fram som noko som tilhøyrar naturen. Den lever i harmoni, i motsetning til menneske som etterlet arr på kloden.
Sjølv om tekstane blei skrive i ulik tid, er dei begge prega av realistiske trekk. I denne oppgåva skal eg ta for meg korleis forteljarmåtane i tekstane er brukt for å få fram tema.
Utdrag
I diktet «stup» er forteljaren eit skjult lyrisk eg. I motsetnad til «Torvmyr», der forteljaren er autoral, blir diktet fortalt gjennom ei stemme.
Eg-et er derimot ikkje uttrykt direkte, men skjult. I andre strofe står det: «bare menneskene synes selv de står ved / storhetens stup / sørger hver dag» (Dong, 2018).
Forteljaren presenterer ikkje seg sjølv som ein av menneska. I tredje strofe står det: «vi kan ikke fly kan ikke flyte / tåler verken vind eller kulde[...]» (ibid.).
Her presenterer forteljaren seg sjølv når han bruker «vi». Han står først utanfor og peiker på menneske som problemet.
Det får diktet til å verke mindre personleg, og får fram at miljøøydelegging er eit problem vi alle står ovanfor og har skyld i.
Med dette skjulte lyriske eg-et blir tema forsterka og bodskapet tydelegare. Miljøøydelegging er ein høyst aktuell debatt i dagens samfunn. Diktet tar opp ein samfunnsdebatt og er difor typisk realismen.
I «Tolvmyr» er tema menneske si påverking til miljøøydelegging. Dette kjem fram gjennom ramnen: «Nå var her hus ved hus, gule åkerflekker og grønne sletter og så knapt for føden [...] / De mennesker!
De mennesker!» (Kielland, 1880). Ramnen oppdagar dei store endringane i miljøet og legg skulda på menneska. Dei grøne slettene, som ein gang var der, er no dekka av hus, veger og bygningar (ibid.).
Legg igjen en kommentar