Innledning
Dikta «Jeg ser» og «Som i en kinosal» er skrive med nokre års mellomrom, men bærer likevel preg av mykje likt. «Jeg ser» er skrive av Sigbjørn Obstfelder som ein del av diktsamlinga Digte som vart utgjeven i 1893.

«Som i en kinosal» er på sin side skrive av Paal Brekke i 1965 og er ein del av diktsamlinga Det skjeve smil i rosa.

Tematisk handlar begge dikta om ein framandgjort eg-person som ikkje føler tilhøyrsle i eit nytt samfunn.

Dei har i tillegg mykje til feller når det gjeld form fordi dei begge bryt med det tradisjonelle, noe som er helt i tråd med modernismen.

I kvar stor grad dei ulike dikta gjer det kan likevel diskuterast. Diktet «Jeg ser» består av ni strofer med nokre tradisjonelle, men flest overveldande modernistiske trekk.

På den eine sida følgjer dei sju første strofene eit bestemt tal verseliner. Dette går i forma tre- to- ein. Dette mønsteret speglar også av innhaldet i strofene.

Diktet kan med andre ord delast i tre delar, der kvar del utgjer ein observasjon, ein konklusjon og ein verskildring.

Eksempelvis i første strofe med «Jeg ser på de høye hus», andre strofe med «Dette er altså jorden» og tredje strofe med «En regndråpe!».

Dette gir ein følelse av struktur, både med tanke på det estetiske og ein rytme ved lesing. Likevel er det mange element som bryt med strukturen og regelfastleiken i diktet. Eksempelvis blir verselinene i siste strofe som halvferdige setningar med tre punktum.

Det verkar som orda ikkje strekkjer til for personen og alt han klarer å si er «Her er så underligt» Dette kombinert med mangel på rim gir inntrykk av disharmoni, nesten som diktet nærmast går i oppløysning.

Utdrag
Når hovudpersonen ser på «de velkledte herrer» og de «smilende damer» kan det bli tolka slik at han sjølv ikkje har det som dei.

Her teiknar han eit bilde av ein person som ikkje føler tilhøyrsle. Dette forsterkast når personen konkluderer med «feil klode!». Her uttrykker han sitt ståsted utanfor fellesskapet og forsterkar hans einsemd i folkemengda.

Dette er eit typisk tema i den modernistiske litteraturen kvar forfattarane opp kor vanskeleg det var å tilpasse seg den nye, moderne røyndommen.

Litteraturen er her gjerne eg-sentrert og oppteke av det indre sjelelivet, noe «Jeg ser» er eit godt eksempel på.