Innledning
Ei verd som er i endring, skaper tvil og angst hos menneske. Individet sitt indre liv er fylt av urolege og kaotiske kjensler, som følgje av utviklinga i det moderne samfunnet.
Dette er noko av tematikken modernistskribenten Paal Brekke problematiserer i «Som i en kinosal». Diktet tek for seg korleis menneske er eit offer for desorientering i det moderne samfunnet. I så måte er framandgjering eit sentralt tema.
Utdrag
«Som i en kinosal» inneheld fleire litterære verkemiddel som er med på å belyse temaet. Brekke behandlar heilt konkret korleis menneske kan oppleve å vere bortkomen og isolert i det moderne samfunnet. Tittelen «som i en kinosal» er formulert som ei samanlikning, og allereie her kan ein forstå at diktet burde bli lest metaforisk.
Ein kinosal er eit mørk, innestengd rom fylt av menneske. Det eksisterer også eit sett med reglar ein blir forventa å følgje. Det at ein ikkje skal snakke er ein viktig regel. Det lyriske eget stiller derimot spørsmål høgt i salen, og han blir hysja på. «Hysj» blir gjentatt 5 gongar i diktet, noko vi kan tolke som at det å stille spørsmål ofte blir slått ned på i samfunnet.
I så måte kan diktet også stå fram som noko samfunnskritisk. Ein annan metafor er for eksempel koffertane det lyriske eget har med seg. Desse kan i overført tyding vere egets livsrøynsle frå tidlegare, eller frå eit liv utanfor den moderne byen.
Legg igjen en kommentar