Innledning
Kjærleik er ein gjenganger som tema i poesiens historie. Det er det aller mest anerkjente temaet oss har. Både modernistiske og tradisjonelle dikt kan omhandle elsk og hatforhold.
Eksemplar på dikt som omhandlar dette er «fattern elska rødvin» som er skrive av Arild Nyquist, frå diktsamlinga Mr.Balubers trompet i 1984, og diktet «Jamnsterke» skrive av Marie Takvam, frå diktsamlinga Falle og reise seg att, blei gjeve ut i 1980.
Utdrag
Diktet «Jamnsterke» er skrive i fri form, det er eit moderne, ubunde dikt utan opplagte vers eller rytme. To verselinjer i første strofe, og seks i andre strofe.
Dei to første setningane i diktet er temasetninger, mens dei neste bygger på temasetningane. Det er ikkje noko rim i dette diktet. Diktet «fattern elska rødvin» er heilt annerleis bygd opp enn diktet «Jamnsterke».
Det er eit tradisjonalistisk dikt med fast oppbygging. Diktet har ballade rim, så siste strofe i verselinje ein og tre rimar på kvarandre.
«Jamnsterke» har ein personal synsvinkel, lyrisk eg kor den som forteljar diktet er ein del av det. «Fattern elska Rødvin» har ein autoral synsvinkel, kor det er nokon som forteljar om det dei ser.
Det lyriske eg har ein negativt holdning til diktets handling, som er relasjonen mellom muttern og fattern.
Det er brukt eit tradisjonelt språk i diktet «Jamnsterke». Det er ikkje brukt eit særleg munnleg språk, men er skrive meir poetisk, med mykje bruk av metaforar.
Dette skilja seg veldig frå diktet «Fattern elska Rødvin» kor det er brukt eit meir munnleg språk, med konkret handling og eit kvardagsleg språk. Eg får intrykk av at det er sonen til muttern og fattern, som forteljar sidan han bruker eit ganske røft og negativt ladd språk som «kåk» som et synonym for «hus».
Han brukar også slengord som «bay», «muttern» og «fattern» noko som gjer intrykk av at han er ein ungdomsgut. Orda som dei har brukt i «Jamnsterke» er både positive og negativt ladde, noko som skapar ein kontrast i diktet.
«Glefser» og «sår» er negativt ladde ord, mens «Elskar» og «Jamnsterke» er positivt ladde ord. Det er mykje gjentaking i diket som «fattern», «muttern», «kåk» og «bråk».
Legg igjen en kommentar