Tid til å leve | Norsk eksamen

Utdrag
Vi kan alle si oss einige i at noko av det viktigaste i tankane på oss ungdom nå for tida er å få bra karakterar, så ein kan byrje på ein bra skule, slik at ein kan få ein bra jobb og tene masse pengar, for så å kunne dra nytte av dei pengane ein gong når vi har tid.

Då eg byrja på barneskula var noko av det beste eg visste å komme heim med ein mattelekse, eller ein engelsklekse. Men kvifor? Fordi eg ikkje kunne vente med å bli smart, så eg kunne få ein bra jobb? Nei, det var ikkje i tankane.

Å få leksar var noko av det beste eg visste fordi då visste eg at det fyrste mamma og pappa tok seg tid til når dei kom hem frå jobb var meg. For å hjelpe meg med leksene. Så eg kunne bli smart.

Så eg kunne få ein bra jobb i framtida. Burde ikkje eg, i ein alder av 6 år, glede meg til å komme hem å spille fotball med pappa? Eller leke med Barbie med mamma? Kvifor tek vi oss ikkje tid til det? Kvifor tek vi oss ikkje tid til å leve?

I teikneseriestripa ”Det haster!”, illustrert av Lise Myhre i 2016, illustreras det ein tankegong som mange av oss har i dag. Den same tankegongen som eg har.

At eg må jobbe hardt på skula for å få gode nok karakterar for å komme inn på ein anna skule, for så å komme inn på enda ein skule, for så å endelig komme ut i arbeidslivet, for så å jobbe hardt der for å kunne få ein høgare stilling.

Dette er noko min familie støtter meg på, for dei vil jo det beste for meg, og dei vil jo at eg skal ha det bra. Likevel er det ikkje alltid det eg vil, men kanskje meir det dei vil? Når eg fortalte mora mi at eg ville ta meg eit friår etter vidaregåande for å reise og oppleve verda var svaret eg fekk; ”Det har du ikkje tid til nå”. Eg har ikkje tid. Eg har ikkje tid til å oppleve.

Men vis eg ikkje har tid nå, når har eg eigentleg tid? Kva er det som haster så mykje? Livet er kort seier mor mi, og derfor må eg bruke den tida eg har på å få ferdig utdanninga mi. Det må vere slik livet skal vere? For mamma har alltid rett? Ikkje sant?

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter