Røyndomen | Tentamen høst | 4 i karakter

Utdrag
Utdraget er frå romanen Fengsla og er skriven av Hilde Kvalvaag, utgiven i 2010. Eg skal sjå korleis ulike verkemiddel blir bruke for å skildre Idun og Mai og vise til konkrete dømer frå teksten.

Idun er hovudpersonen i romanen og det er hennar tankar som kommer til uttrykk gjennom skrivemåten eg-person. Vi får derfor eit større innblikk frå Idun i utdraget

og det er hennar beskriving av Mai som gjer at vi får det bestemte visuelle bilete av ho. Idun er skildra som ei flink pike på skulen og dette er noko ho ønskjer å bevise for moren sin «Mor mi er vanskelig å tilfredstille».

Det er brukt adjektiv og lagt fokus på Mai sine ytre kjenneteikn for å skildre ho. I framstillinga av Mai er teknikken visualisering brukt for å få eit bilete av korleis dei ytre kjenneteikna former karakteren.

Det er Idun som har moglegheita til å framstille Mai slik ho ønskjer «... skakk og skeiv yndlingsdokke».

---

I denne oppgåva skal eg først gjere greie for realismen som litteraturhistorisk epoke og deretter plassere dei vedlagte utdraga i ei kulturhistorisk samanheng.

Realismen er ein litteraturhistorisk epoke rundt 1870-1880 i Norden og forfattarane som skreiv dei realistiske tekstane, romanane, novellene og stykka brukte verkemidla som skulle gje eit inntrykk av at novellene viser røyndomen som den er.

Realismen er ein tendenslitteratur, kor det politiske bodskapet er gjennomgåande i teksten, og bruken av ironi og sarkasme er med på å styrke bodskapet.

Til dømes blei ofte borgarskapet gjort til latter for å fremje deira syn på dei fattige i samfunnet. Målet i denne perioden var å setje problem under debatt og vise til samfunnsproblem, til dømes fattigdom, alkoholisme

ekteskap, kvinner sine rettigheiter, religion, avsløra skjulte sannheiter, dobbeltmoralar og økonomiske problema. Optimisme rundt at mennesket kunne gjere ein forskjell i samfunnet, avdekke problem

og at individ kan endre seg er kjenneteikna på menneskesynet i realismen. Forfattarane i realismen beskriver røyndomen på ein realistisk og gjenkjenneleg måte, og legg ikkje skjul på detaljar som kan styrke beskrivinga av elendigheita i samfunnet.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå