Innledning
Eg elskar å uttrykka meiningane mine, eg kan til og med ropa dei til deg viss du vil. Eg seier kva eg meiner, stort sett uansett.
Mange vil kalla meg direkte eller bitch, men eg vil seia at det er måten eg ytrar meg på. Eg liker fridommen det gir meg, det å ikkje bry seg om kva folk tenker.
Men det er ikkje noko eg er takksam for. Eg trur ein av grunnane til at eg føler det slik, er fordi eg ikkje veit korleis det er å ikkje kunna uttrykka dei.
Mange menneske kan ikkje ytra kva dei vil, når dei vil. Dei kan ikkje gå med akkurat det dei føler for eller føler seg komfortabel i.
Det mange som ikkje får lov til å elska det kjønnet ein vil, ikkje gifta seg med den personen ein elskar.
Det er mange problem folk må leve med kvar dag, som eg aldri treng å bekymre meg for. Men kvifor er det sånn? At eg som eit menneske skal ha meir rettar enn andre?
Utdrag
Det er mange døme på personar som vil ytra seg, og det er mange av dei som blir negativt sett på i dagens samfunn. Andrew Tate er ein av mange som har sterke meiningar, og som liker å dela dei med resten av verda.
Meiningane hans er veldig konservative, veldig krenkande og brutale. Men det er jo lov å ytra seg, så kvifor skal det bli så mykje merksemd rund han?
I følgje Oda Oline Omdal så «forsvinner ikke Holdningene og ytringene selv om man begrenser hvem som får ytre dem.»
Men går ikkje det imot kva menneskerettane seier? Det er masse Andrew Tate seier som er provoserande, til døme at kvinner ikkje kan køyra bil, eller at det er greitt at menn kan vera utru men ikkje damer.
Folk veit kanskje ikkje kva dei har rett til og kva dei ikkje har rett til. Du kan faktisk seia, uttrykka og skriva kva du vil, så lenge det ikkje trakasserer, diskriminerer eller fornærmar andre.
Vi i dagen samfunn har laga ein «fasit» av kva som er krenkjande og kva som ikkje er det. Det at menn er utru og ligg rund er kult, men når kvinner gjer noko, er dei horar og ikkje "wifey matirial".
Legg igjen en kommentar