Fløtesausdauden | Essay Nasjonalisme | Norsk

Førerstillingene om det norske – Essay

Innledning
Eg har alltid vore stolt over å vera norsk. Eg har gått på langrenn sidan eg kunne gå, stige opp både Galdhøpiggen og Gaustatoppen og blitt fôra med grauten og lapskausen til ho bestemor.

Kvifor er det akkurat dette som gjer at eg følar meg norsk? Då vi lausreiv oss frå Danmark i 1814, vart det stort fokus på nettopp dette, kva gjer oss nordmenn til nordmenn? Nasjonsbygginga handla om å byggja landet og utvikla industrien og infrastrukturen.

Det var spesielt viktig å få endra på språket, og på slutten av 1800-talet hadde dei fleste teke i bruk anten bokmål eller nynorsk. Førestillingane om det norske har opp gjennom åra danna ein felles idé på kva som er typisk norsk.

Stemmer desse stereotypiane eigenleg med dagens moderne nordmenn? For heilt ærleg, det kan då ikkje vera mange nordmenn som et lutefisk og spelar hardingfele?

Utdrag
Det er etterlengta vinterferie for oss elevar, klokka er snart 6 om morgonen og ikkje eingong sola har stått opp for dagen. Kjærasten min, Magnus, ligg ved sida av meg i senga og brummar lågt.

Han er ein typisk sjusovande og morgongretten tenåring. Den ulande alarmen får han til å vri og venda seg under dyna. Etter eit par minuttars alarmuling, tek nasjonalismen tak i nakkeskinnet på han og dreg han ut av senga og ned til Tv-en i første etasje.

Det er dei olympiske leikene i Pyongyang som har tiltrekt seg merksemda hans. Dei norske utøvarane skal i elden og det er ikkje noko han vil gå glipp av.

Det får meg til å undra: kva gjer at ungdom står tidleg opp frivillig, berre for å sjå eit par nordmenn staka seg framover på ski? I ein av Knut Nærums laurdagskommentarar i Dagbladet, «den stygge nordmannen», skriv han om nordmenn sine ekstravagante tilhøve til skisporten.

Han samanliknar kva for ei rolle Noreg hadde før versus no og brukar ei satirisk tilnærming til temaet for å få fram poenga sine.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter