Essay: Ytringsfridom og toleranse | Norsk

Innledning
Det er 8. mars, og saman med millionar av kvinner over heile verda markerer eg den internasjonale kvinnedagen. Eg kjempar og ropar for betre forhold på arbeidsplassen, abortloven, klima og mot skeiv maktfordeling mellom kjønna.

Eg og alle andre eg går med utnyttar ytringsfridomen til det fullaste i det vi går nedover gatene og krev likestilling.

Det er faktisk slik ein sjølvfølgje at eg skal få seie i frå om urettferda eg blir utsett for at det blir lagt opp til demonstrasjonen dagar i førevegen. På den andre sida har du nazistar som går nedover akkurat dei same gatene og kjempar for det som kan framstå som det stikk motsette av det eg kjempar for; likestilling og inkludering.

Det er ein tydeleg forskjell på kampane som kjempast, men i grunnen ligg det same prinsippet, nemleg ytringsfridom. Men finnast det inga grenser på ytringsfridomen? I så fall, kor går den og kven bestemmer det? Og kor går eigentleg grensa for grenser på ytringsfridomen?

Utdrag
Eg veit sjølv at hadde det ikkje vert for damer som Tusvik og Tønne hadde eg mest sannsynleg ikkje gått i toget 8. mars. Kvinner som dei lagar debatt, debatt eg har lært av sidan eg fyrst begynte å engasjere meg i samfunnet rundt meg.

Morten Hegseth seier det sjølv i hans forsvar av podkasten: «Noen ganger tråkker de feil. Men da skaper de diskusjon, og det er bra.» Vidare seier han at det er viktig at podkasten halde fram ved å vere ein «rebelsk lillesøster» og med å utfordre.

Er det derimot alltid slik at diskusjon og «utfordring» er sunt? Kva viss det er andre jenter som i staden for å høyre på utfordrarar som Tusvik og Tønne i staden for høyrer på utfordrarar som Ann Coulter, og med det får anti-feministiske haldningar? Det har jo også skjedd at debatt har gått så langt og skapt så mange meiningar at utfallet har blitt aggressivt og til og med valdeleg.

Ein kan ikkje garantere at folk hentar ut det gode i ein debatt; dersom aggressive utsegn blir behandla som sakleg vil folk også ta med seg det, og tillate seg å bruke dei i seinare debatt. Så kanskje ein ikkje kan bruke at «all debatt er god debatt» som forsvar like vel?

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter