Innledning
Nyfødde barn seier ikkje stort. Dei berre græt og skrik meiningslause ting som ingen fattar. Til tross for foreldra dykkars påstandar om at dei har hatt storarta samtalar saman mens dei enno var i moras mage.

På sjukehussenga har slike påstandar ingen verdi, for då vil eg tru at alle barns snakkesituasjonar er nokså like.

Dersom eit nyfødt barn hadde begynt å preike om likestilling og politikk sekundet etter fødselen, hadde det nok vorte nyheiter av det. Ein forventar ikkje at dei skal seie noko viktig.

Utdrag
Det er sjølvsagt ikkje berre kvinner som tiltaler menn for trakassering og den slags. Til dømes har vi også menn som tiltaler både kvarandre og kvinner.

Dessutan finnast det utan tvil kvinner som går til angrep på kvinner. Nyleg snakka Rose McGowan om kvinnerettar og den slags angåande Harvey Stein-skandalen. Blant publikum var det ein ovleg rastlaus transkvinne.

Ho meinte at Rose ikkje tok opp kampen for alle kvinner, og gjekk difor verbalt til angrep på henne.

Kjendisen vart skjelt ut, og ingen rundt henne sa noko, verken managere eller crewet hennar, alle svikta henne.

Ho vart så forbanna at ho mista sinnet då ho forsvarte seg at ho bante mykje. Held det ikkje å snakke om kvinner, må ein snakke om alle forskjellige kvinner som finnast?

Gjer det ikkje verda til eit litt betre sted å forsvare kvinner som ein heilskap? Bør ein få kjeft for å ikkje snakke om transkvinner?

Éin ting som er sikkert, er at dei berre éin veke-gamle videoane hennar ikkje har fått rundt 50 tusen visingar på Internettet utan grunn.

Eg hugsar da eg fyrst vart introdusert for Internettet. Eg synest det var heilt utroleg, men av feilaktige grunner, ettersom eg berre var eit lite barn; det var det brede utvalet av ulike spill som fascinerte meg på den tida.

Det var fyrst da eg vart litt eldre, at eg forstod den enorme moglegheita Internett ga for diskusjon på tverds av lan, makt og rang.

Her er folk så langt frå stumme ein berre kan få det til. Ein frå USA kan sitte heime i sitt eiget hus og fint diskutere med ein nordmann her i Noreg.

Ein med lav status kan enkelt kamuflere seg bak ein falsk identitet og få mogelegheit til å dele sine meiningar med maktfulle folk som elles ikkje hadde høyrd på han.