Innledning
Reklameannonsen «Jakta på lærlingane» er laga av Fjord1, eit norsk selskap som driv med ferjetransport.

Ein kan søkje om plass som lærling dersom ein har hatt Teknikk og industriell produksjon i VG1 eller Motormannsfaget eller Matrosfaget i VG2.

Formålet med denne reklamen er å få inn fleire lærlingar hos Fjord1, slik at talet på arbeidarar i mannskapet aukar. Mottakaren i denne reklamen er dei som har dei riktige krava til å bli lærling.

Det første ein ser er at reklamen er utforma som ein spennande filmplakat, med ein interessevekkande tittel og ein dramatisk bakgrunnen. Det styrkjer patos ved at den ikkje er keisam og den er humoristisk.