Innledning
«Du kjenner det i magen» er ein reklameannonse for Tine. Tine publiserte annonsen 11. februar i A-magasinet.
Høvet for publiseringa var Holmenkollen ski-VM, som Tine byrgt kunne presentere seg som sponsorar for.
Føremålet med annonsen var å gje meir merksemd til VM i ski, og samstundes gje merksemd til eit av produkta til Tine.
Produktet som Tine ønskte å selje var Biola. Biola er ein drykk som blant anna skal førebyggje smertar i magen, men som ein òg kan nyte utan at ein har vondt i magen.
Målgruppa for annonsen kan vere nordmenn generelt, men han siktar nok litt ekstra mot dei som interesserer seg for sport og ski, og dei som planlegg å sjå ski VM.
Tilskodaren sin merksemd vert innleiingsvis fanga av tre bilete. Det største bilete er av ei rekkje menneske som ser på ein konkurranse i skihopp.
Bilete nummer to er av ein idrettsutøvar i aksjon, dette bilete overlappar det fyrste. Til sist ser me eit bilete som presenterer Biola.
Tittelen og brødteksen overlappar det fyrste og største bilete. Nedst i annonsen kan ein sjå logoen til Tine og med liten tekst ved sida av logoen ser me at det står at Tine er «stolt sponsor av Ski-VM på hjemmebane».
Utdrag
Brødteksten og tittelen er med på å skape ein morosam samanlikning mellom Biola og ski-VM. I brødteksten står det «Det er ikkje godt å si hvor forventningene er størst - i toppen av tårnet eller i bånn av sletta./
Men så gir Kollen-brølet ekstra oppdrift over kulen og du kjenner den gode magefølelsen komme. Litt sånn som når du drikker et glass Biola».
Her samanliknar dei den gode kjensla ein har når ein køyrer ned slalåmbakken, med den gode kjensla ein får etter at ein har drukke eit glas med Biola.
Som eg allereie har sagt, så er ein av funksjonane til Biola å fjerne smertar i magen. Tittelen er «Du kjenner det i magen».
Dette refererer òg til magekjensla ein får når ein køyrer ned slalåmbakken, og den gode magekjensla ein får når ein har drukke Biola. Denne samanlikninga gjev sjølve annonsen eit humoristisk preg.
Legg igjen en kommentar