Innholdsfortegnelse
Frode Grytten (1960-)
Oktober
Oktober
Utdrag
Frode Grytten (1960-)
Frode Grytten er forfattar og journalist. Han debuterte i 1983 med diktsamlinga Start.
Han har gitt ut fleire diktsamlingar og romanar, men er mest kjend som novelleforfattar. Størst suksess har han hatt med den kritikerroste Bikubesong (1999), som han fekk Brageprisen for.
Boka er ein roman, men samansett av ei lang rekkje av novelleliknande tekster, som alle handlar om personar som held til i eit stort leileghetskompleks i Odda.
Frode Grytten har elles gitt ut novellesamlingane Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986), 80º aust for Birdland (1993) og Langdistansesvømmar (1990). Novella ”Oktober” er henta frå den siste av desse samlingane.
Som journalist har Grytten prøvd å slå eit slag for den gode gammaldagse reportasjen. ”På Schindlers liste” (s.493) er eit resultat av denne interessa.
Oktober
David vaknar. Regnet piskar på taket som ein jazztrommeslagar.
Vinden grip tak i huset, pressar det mellom usynlige kjempenevar. Huset er ein fullriggar, knakar i smanføyningane.
David spring bort for å lukke vindauget. Bøkene på skrivebordet er blaute. Regnet står som våte strengar inn i rommet.
Mellom vindkasta kan han høre mora og faren gjennom den tynne veggen. Trur han hører at dei elskar. Eller kranglar. Stønna og hyla.
Alt er draum.
Kan hende vaknar han i morgon og marerittet løyser seg opp som tett tåke. Men han høyrer veslesystera klynke. Høgt og tydelig.
Han går bort til henne. Ein draum bølgjar gjennom hovudet hennar. Han ser det på korleis auga rullar under augeloka.
Ho har sparka av seg dyna i søvme. Han breier dyna varsamt over ho, kyssar panna. Veslesystera snur seg og søv rolig vidare.
Før det er heilt lyst, kler David seg og listar seg ned trappa. Han trer på regntøyet og ruslar ned til naustet. Det har regna hardt heile natta. Overalt renn bekkar og små elver. David løyser båten og glir ut på vatnet.
Han fikk vite det i går kveld. Faren fortalde det då dei sette garna.
Indian summer i går. Ein av de oktoberdagane då nokon blåser i glørne, og sommaren blussar opp igjen for nokre timar.
Kveldssola rulla på breen, strauk over bygda med ein mild og raud finger. Så forsvann ho bak fjellet.
- Inn mot elva, David! Sa faren.
Davis sette seg på tofta. Faste, sikre rykk med årene. Han sikta etter den smale kjølstripa som båten teikna i vatnet. Beint som ein motorveg.
Legg igjen en kommentar