Innledning
Novella «Lommerusk» av Laura Djupvik er ein kort men innhaldsrik novelle som handlar om å vere ein forelder. Historia brukar fleire verkemidlar til å skildre hovudpersonen, og dei skal eg trekke fram i denne teksten.

Novella gjer uttrykk for at hovudpersonen har mykje å gjere og er stressa, og dette visast ved repetisjon av mange daglege gjeremål som ho gjennomgår «Eg kler av og på, eg pakkar. Eg kosar og trøyster. Eg pussar så mange tenner.» (Djupvik, 2020)

Dette er med på å vise at personen er stressa og ufornøgd med sånn livet er no, noko som også kjem til uttrykk gjennom kontraster, som setter hovudpersonens forventningar om livet opp mot korleis livet faktisk er.

Innholdsfortegnelse
Del A – Eit godt slit
Del B – Bompenganes Ola Nordmann

Utdrag

«Som barn leika eg at alt skulle skje, fødde og fødde og amma og trilla. Og like etter vart eg ropt inn til middag. No er ikkje gledene og sorgene mine lenger.» (ibid.)

Det er klart at stresset med å oppdra barn er det som plagar henne. Likevel kjem det ganske vagt frem i teksten, og er gøymt i metaforar, samanlikningar, og anna vagt språk.

«Sorgene borar gjennom meg som små spyd. Gledene prikkar i mellomgolvet.» (ibid.) Metaforane brukast også til å beskrive hovudpersonens tidsperspektiv, og korleis ting går for fort. «Før eg får lagt meg, er barna mine blitt vaksne, når eg står opp i morgon, er eg gammal.» (ibid.)

Likevel ser ikkje hovudpersonen negativt på livet, og seier til slutt at det livet er eit slit, men at det likevel er godt å leve. Novella skildrar hovudpersonens følelsar som sorg, glede, og korleis det følast å bli gammal og å vere vaksen.