Fri | Novelle sidemål

Innledning
Eg sat på berget. Bølgjene slo hardt, sloss mot kvarandre, frem og tilbake. Det regna. Ein dråpe vann landa på foten min. Vatnet var kaldt mot den nakne huda mi.

Det var haust no. Blada dansa i vinden rundt meg. Sommarkjolen min var våt, heilt klistra inn til kroppen min og håret mitt blafra i vinden. Dette var vårt sted, vår gøymestad. Eg sakna sommaren. Alle minna vi fikk saman.

Eg trudde eg betydde noko for deg, men eg tok feil. Orda dine betyr ingenting, handlingane fortalte sanninga. Du sa du elska meg og at du alltid skulle vere der for meg. Kor var du da eg falt, kor var du da eg trengte deg?

Utdrag
Eg var lei, lei av å føle smerte. Eg reiste meg og gikk forsiktig bortover steinane. Dei var harde, med spisse kantar. Kvar bevegelse gjorde vondt.

Alt gjorde vondt. Eg huska den gangen vi var på tivoli. Første gangen eg møtte deg. Du smilte til meg.

Etter den gangen klarte eg ikkje å gløyme deg. Det smilet betydde meir enn tusen ord. Det var som om heile verden sto stille. Magen min var full av sommarfuglar.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter