Innledning
Den 8. Mars 2020 blei det offentleggjort at regjeringa hadde avgjort at alle yrkestitlar som ikkje er kjønnsnøytrale skal bytast ut (Bentzrød, 2020).
Språket har ein enorm innverknad på menneskas haldningar og formidlar informasjon, idear, verdiar og kjensler.
Arbeidet for å endre språkbruk som kan vere kjønnsdiskriminerande blei for alvor sett i gang ved den nye kvinnebevegelsen på 1970-talet (Språkrådet, 2019).
Dei meinte at språket kan bidra til, forårsake og forsterke kjønnsdiskriminering. På den tida vart som oftast arbeidet møtt med negative reaksjonar, og fleire lo av forslaga.
I dag har regjeringa gått andre vegen. Sjølv om endringa i yrkestitlar blei gjort i 2020, er det framleis fleire område i språket som ikkje er kjønnsbalansert og spørsmålet om endringa som regjeringa gjorde fungerer, er mangsidig.
Artikkelen til Helene Uri frå 2018, kronikken skrevet av Agnes Bamford og nyheitsartikkelen frå Aftenposten tek alle for seg debatten om eit kjønnsnøytralt språk. Er eit kjønnsnøytralt språk nøkkelen til eit likestilt samfunn?
Utdrag
På den eine sida er endringa svært symbolsk og seier mykje om byens verdiar og haldningar til annleisheit. Ved å gjere ein forholdsvis liten endring i språket, kan ein uttrykke enormt mykje til befolkninga og resten av verda.
Gjennom å innføre eit totalt kjønnsnøytralt språk uttrykkjer byen ein openheit og forståing ovanfor ikkje-binære personar, og viser at dei fortener å bli omtala på ein likeverdig måte.
Endringa kan også inspirere andre land til å gjere endringar i språket til det meir kjønnsbalanserte. Allereie i 2015 innførte Sverige pronomenet «hen» som ein erstattar for «han» og «ho» viss kjønnet omtalast som ukjend eller tvikjønna.
Også i Noreg har hen-ordet vore vurdert for å skape eit meir inkluderande land, men er framleis ikkje i ordboka (Brønmo, 2019).
På den andre sida er det noko som tyder på at eit kjønnsnøytralt språk kan vere både unødvendig og for tidleg. I Noreg er ikkje-binære personar svært få, og mange av dei er fornøgde med seg sjølv uavhengig av deira pronomen.
«Hen» er bruka sjeldan i daglegtala, og dermed blir det ikkje inkludert i ordboka enda. Ei innføring av «hen», og dermed eit kjønnsnøytralt språk, kan symbolisere riktige og tidsaktuelle haldningar, men om det er nødvendig med ein såpass endring er det tvil om blant både forskarar, språkrådet og vanlege folk.
Legg igjen en kommentar