Innledning
Etter Napoleons-krigane gjekk det ein nasjonalistisk vind gjennom Europa, og det beste kjenneteikna på ein sjølvstendig stat skulle vera eit eige språk.
På den tida var det berre to etablerte skriftspråk i Norden; dansk og svensk. Både Færøyane og Finland var i same situasjon som Noreg, men forskjellen på språkutviklinga vart stor.
Imedan Finland og Færøyane kasta seg over dei nye språka for å få noko eige, spreidde det seg stor usemje i Noreg om korleis vi skulle løysa problemet.
Dei aller fleste var samde om at vi måtte ha eit eige språk, men korleis ein skulle komma dit var ein usamde om.
Mange kjente personar som Wergeland, P.A. Munch, Asbjørnsen og Moe uttalte seg og hadde klare idear, men det er særleg to personar som står igjen som bautaer innanfor norsk språkhistorie; Knut Knudsen og Ivar Aasen.
Mens Knudsen kjempa for ein fornorsking av dansken, ville Aasen ha noko eige og nytt. I motsetning til dei andre framståande personane i språkdebatten var ikkje Aasen frå embetsstanden, men heller ein normal «bonde» frå Sunnmøre.
Han vekst opp på garden Aasen i Ørsta på Sunnmøre, og han jobba for å skape et heilt nytt, norsk skriftspråk baser på bygdedialektane i Norge.
Utdrag
Aasen drog ut i 1842 og returnerte til Kristiania i 1847. Han hadde reist land og strand rundt for å samla inn frasar, ulike ord og bøyingsformer som han skulle sameina til eit skriftspråk.
I 1853 kom den første versjonen av Landsmålet, som han døypte det til. Både i 1864 og 1873 kom det nye og meir utfyllande versjonar av landsmålet.
Den endelege sigeren for Aasen var då stortinget vedtok å likestilla landsmålet og dansken, -seinare riksmålet, i Noreg ved det som vart hetene «jamstellingsvedtaket».
Majoriteten av befolkninga i Noreg heldt seg til den fornorska dansken, men sjølv om landsmålet ikkje spreidde seg så mykje som Aasen hadde ønskt seg, fekk Aasens arbeid ei stor tyding.
Borgarskapet hadde tidlegare bestemt kva som var kultur og kva som ikkje var det. Med Aasens arbeid var plutseleg ikkje avstanden så stor lenger, og ein fekk etter kvart «Det norske teateret» som den dagen i dag berre opererer med nynorsken.
Legg igjen en kommentar