Nynorsk, årets siste oppgåve

Utdrag
I skuleåra 2011/2012 og 2012/2013, har skulen min vore ein av totalt fem skular i Akershus som har delteke i eit prosjekt med berre ein karakter i norsk. Vi skal berre få ein karakter i norsk i fyrste og andre klasse på den vidaregåande skulen, men i det siste og viktigaste året skal vi tilbake til den gamle løysninga med tre karakterar.

Responsen frå lærarane, politikarane og andre språkinteresserte har vore enorm , men vi elevar har ikkje fått ei skikkeleg moglegheit til å seie kva vi meiner om forsøket, og kva vi synast skal vere den eksisterande ordninga.

Da vi blei introdusert for prosjektet, fikk vi høyre at målet var at dette skulle føre til meir fokus på læring og mindre fokus på prøver og annan dokumentasjon . Eg vil ikkje seie at ordninga har ført til store forandringar i faget, norsk er framleis eit krevjande og viktig fag. Den største skilnaden er eigentleg at vi nå kan bruke meir tid på, og dermed også få meir nytte av kvar enkelt oppgåve.

Med færre vurderingssituasjonar har vi brukt meir tid på å lære av eigne feil, noko som har ført til ei stigande personleg forbetringskurve.

Tidlegare har norskfaget bestått mykje av ein slags masseproduksjon av tekstar, der vi har vore pressa til å byrje på neste tekst før vi har hatt moglegheita til å lære av feil og veikskapar i tidlegare tekstar. På denne måten har vi gjennomført svært mange vurderingssituasjonar, utan å sjå nokon stor forbetring i tekstane.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter