Innledning
Den 8. Mars 2020 blei det offentleggjort at regjeringa hadde avgjort at alle yrkestitlar som ikkje er kjønnsnøytrale skal bytast ut (Bentzrød, 2020)
Språket har ein enorm innverknad på menneskas haldningar og formidlar informasjon, idear, verdiar og kjensler.
Arbeidet for å endre språkbruk som kan vere kjønnsdiskriminerande blei for alvor sett i gang ved den nye kvinnebevegelsen på 1970-talet (Språkrådet, 2019). Dei meinte at språket kan bidra til, forårsake og forsterke kjønnsdiskriminering.
På den tida vart som oftast arbeidet møtt med negative reaksjonar, og fleire lo av forslaga. I dag har regjeringa gått andre vegen.
Sjølv om endringa i yrkestitlar blei gjort i 2020, er det framleis fleire område i språket som ikkje er kjønnsbalansert og spørsmålet om endringa som regjeringa gjorde fungerer, er mangsidig.
Artikkelen til Helene Uri frå 2018, kronikken skrevet av Agnes Bamford og nyheitsartikkelen frå Aftenposten tek alle for seg debatten om eit kjønnsnøytralt språk. Er eit kjønnsnøytralt språk nøkkelen til eit likestilt samfunn?
Utdrag
Agnes Bamford har ein doktorgradsstipendiat i intertekulturell kommunikasjon, og hevdar i ein kronikk publisert på forskesonen at kjønnsnøytrale ord og titlar ikkje fremmar likestilling (Bamford, 2021).
Ho meiner at ved å ikkje ta i bruk kjønnsnøytrale ord, og heller introdusere kjønnsspesifikke ord, kan ein framme likestilling.
Ho bruker fedrekvoten som eit eksempel, og meiner at utan omgrepet fedrekvote ville færre menn tatt permisjon etter ein barnefødsel.
Det viser seg at i landa som bruka omgrepet foreldrepermisjon, er det oftast kvinna som tar heile permisjonen (Bamford, 2021).
I dei siste åra har statlege norske ordningar lagt til rette for likskap mellom kvinna og mannen, men det var først da ein del av permisjonen ble kalla «fedrekvoten» at så mange menn utnytta seg av han.
Dette eksempelet understrekar viktigheita av å ikkje berre fokusere på det politisk korrekte ved debatten om likestilling, men heller sjå på heilheita og kva som fungerer i praksis.
Samtidig er det viktig å huske på at språket sjeldan har som hensikt å diskriminere nokon, og opphavleg har ikkje orda hatt som hensikt å vere kjønnsdiskriminerande.
Det er først no, når samfunnet er komme såpass langt i likestillingskampen, at debatten om eit kjønnsnøytralt språk er aktuell og tanken om at språket kan oppfattast diskriminerande har vakse fram. I 2019 innførte byen Berkeley i California eit totalt kjønnsnøytralt språk.
Legg igjen en kommentar