Innledning
I følgje Store norske leksikon er nemninga på fridom ein tilstand der ein kan ta avgjerder etter eigen fri vilje.
Fridom kan også til dømes omfatta at ein er fri til å tru, tenka, seia eller gjera noko, og at ein kan velja kven ein vil vera saman med og kvar ein vil vera.
Det er utroleg mange oppfatninga på begrepet si meining. Eg veit kva eg tenkjer om fridom, mens du forbind det sikkert med noko anna.
Utdrag
Mange seier me er så heldige som bur i Noreg. At me bur i eit så fritt og sjølvstendig land. Eg veit det er sant, men eg følar dette heller ikkje stemmer. Me har kanskje ikkje krig, men me har eit strengt lovverk.
Eit lovverk som gjer at me må følgje reglar. Dette er kanskje ein grunn til at mange får kjensla av fridom i utlandet.
For her kan ein gjere som ein sjølv ønske. Køyre bil som 14 åring eller kjøpe alkohol i ein alder av 16. Dette er fridom.
Henrik Wergeland skreiv eit dikt om trykkfriheiten. Sjølv om dette blei skreve for nesten 200 år sidan, er det endå eit dikt med skal analysere i dag, 200 år seinare.
Eg meiner diktet handlar om fridomen til å kunne skrive om det ein ønske. I dag vil eg ikkje sei det er eit problem, for me har så mange ulike plattforma der me kan publisere akkurat det me sjølv vil.
Me kan skrive lesarinnlegg, legge ut videoar, publisere bilete eller skrive det me tenkjer på sosiale medium.
Legg igjen en kommentar