Innholdsfortegnelse
Språksynet til Moe
Språklege verkemiddelbruk
Språk og identitet
Kjeldeliste:

Utdrag
Språksynet til Moe
I 1909 skreiv Molkte Moe ein tekst om nasjonalitet og kultur. Her kjem det til utrykk kva Moe meiner om eit samnorsk språk, og korleis språksituvasjonen i Noreg bør utvikle seg.

Allereie i fyrste avsnitt kjem det frem at Moe ynske seg ei blodblanding eller ein samanflyting.

Dette kan ein sjå på som at han vil ha eit språk i Noreg, der ein setter landsmål og riksmål opp i ei høgare eining, så det blir eit samnorsk språk.

Det er fleire synspunkt frå Moe som kjem fram i teksten, der han viser han er tilhengar av ein tredje part, samnorsken.

I byrjinga av 1900-talet festa situasjonen med to målformer seg gjennom feire offisielle rettskrivningsvedtak, samstundes som fornorskinga av Rismålet heldt frem og Landsmålet fekk ei meir moderne form.

Det gjorde at me fekk dei som kjempar for riksmålet, den for fornorska dansken, og dei som kjempar for landsmålet. Så midt i denne striden grodde samnorsken opp.

Moe skriv at det ikkje er eit spørsmål om eit enten-eller, men om eit både-og. Dette kan tolkas som at ein ikkje skal ha valet mellom to skriftspråk, men eit norsk skriftspråk som alle brukar.

At ein skal reformere begge skiftspråka i ein retning. Nokre som kjenneteikne tanken for samnorsk. Etter å ha lest utdraget frå Moe, er det ikkje tvil i kva han meiner og står for.

Språklege verkemiddelbruk
For å underbyggje språksynet til Moe er det verkeleg viktig å gå i djupna på kvifor han skreiv som han gjorde.

Og korleis han bruker språklege verkemiddel for å få frem si meining. I andre avsnitt samanliknar han samnorsken med Otta og Lågen, at elvene flettes saman, og blir til ein.

Dette for å beskrive at målformene også må flyte saman. I teksten er det gode skildringar av kva som skjer når vanta blir til eit. Eg trur Moe har same draum om riksmålet og landsmålet.

”Hele elven har skiftet let, tatt en lysere, grønlig farge” er eit sitat henta ut frå teksten. Dette kan ein på ein side sjå på som eit frampeik til korleis samnorsken hadde blitt for Noreg.