Innholdsfortegnelse
Føremål:
Teori:
Utstyrsliste:
Figur/bilete:
Framgangsmåte:
Resultat:
Min Fenotype:
Moglege Genotypar Hos Meg:
Moglege Genotypar Hos Mine Foreldre:
Feilkjelder:
Konklusjon:
Litteraturliste:

Utdrag
Føremål:
Målet med øvinga er å tileigne seg kunnskap om blodtypesystema AB0 og Rhesus. Vi skal undersøkje eigen blodtype og vurdere moglege genotypar hos oss sjølve og våre foreldre.

Teori:
I denne øvinga tar vi for oss blodtypesystema AB0 og Rh. Det finst fleire andre blodtypesystem, men desse er dei viktigaste. Funksjonen til blodtypane er å kategorisere blod ut i frå små skilnader i blodcellene.

Blodtypen din er bestemt av nokre blodtypeantigen og -antistoff, som berre har ei helsemessig betydning ved blodoverføring, transplantasjon og svangerskap. Antigena og antistoffa ligg i cellemembranen til dei raude blodcellene.

Genet som avgjer blodtypen vår har 3 ulike allel: A, B, 0. Dette gir oss følgjande moglege genotypar hos individ: 00, A0, B0, AA, BB, AB.

Både genvariant A og B er dominante over 0. Individ med genotypen A0 og AA vil derfor ha fenotypen blodtype A.

Genvariant BB og B0 gir på same måte fenotypen blodtype B. Genutgåva 0 er recessivt medan A og B er like dominante.

Individ med både allel A og B, har både genotype og fenotype AB. Dette er eit eksempel på kodominans.

Kodominant arvegang vil seie at begge genvariantane viser sin fulle verknad samtidig. Personar med blodtype AB har både antigen A og antigen B, men dei har ingen antistoff.

Menneske med blodtype A har raude blodceller med antigen A, og antistoff mot blodtype B (anti-B).

Menneske med blodtype B har raude blodceller med antigen B og antistoff mot blodtype A. Dei raude blodcellene til individ med blodtype 0 har ikkje antigen, men inneheld antistoff mot både A og B.

Antistoff A og antistoff B har evna til å agglutinere raude blodceller som inneheld tilsvarande A- og B-antigen.

Før ein kan overføre blod må ein gjere ein test der celler frå blodgivaren og blodplasma eller blodserum frå mottakaren vert blanda.

Givaren sitt blod kan kunn nyttast dersom agglutinasjon ikkje skjer. At agglutinasjonen ikkje skjer indikerer at mottakar og givar har same blodtype.

Dersom givaren har ein anna blodtype enn mottakar vil det kunne utløyse ein immunreaksjon hos mottakaren.

Individ med blodtype 0 vert kalla for universalgivarar. Dei kan gi blod til dei fleste andre menneske då dei ikkje har nokon antigen som kan reagere med anti-A og anti-B.