Innholdsfortegnelse
Føremål:
Teori:
Utstyrsliste:
Figur/bilete:
Framgangsmåte:
Resultat Og Observasjonar:
Diskusjon:
Feilkjelder:
Konklusjon:
Kjelder:

Utdrag
Føremål:
I denne øvinga skal vi isolere vårt eige DNA ved å løyse opp cellemembranar, bryte ned protein og felle ut DNA.

Teori:
DNA-molekylet er bygd opp av nukleotid. Ei av desse nukleotida er ei fosfatgruppe.

Fosfatgruppa dannar, saman med sukkermolekyl, rekverket i den trappeforma strukturen til DNA-molekylet.

Fosfor er eit grunnstoff med relativt høg elektronegativitetsverdi, noko som medfører at fosfatgruppa er negativt lada.

Dette fører til at DNA-molekylet som ein heilskap er negativt ladd. Den siste typen nukleotid er nitrogenbasar.

Nukleotida er bunde til kvarandre og utgjer til saman ein enkel DNA-tråd. DNA-molekylet er bygd opp av to enkeltrådar, sett saman i ein form som vert kalla dobbelheliks.

DNA-trådane er retta kvar sin veg og har fått namn etter kva veg dei peikar. DNA-molekyla vert kveila opp rundt protein som vi kallar histon.

Når DNA er oppkveila på denne måten kallar vi det kromosom. Totalt har vi 46kromosom i menneskekroppen.

---

Diskusjon:
Kvifor brukte vi Zalo?

DNA-et i cellene våre er innpakka med protein og omgitt av feitt. I cellemembranen er det mengder med fosforlipid.

For å løyse opp feittet i cellemembranen måtte vi bruke Zalo. Når vi løyser opp cellemembranen får vi DNA-et ut av cellekjernen slik at vi kan sjå det.

Kvifor hadde vi saltvatn i munnen?
Saltet vi brukte var natriumklorid. Natriumklorid løyser seg i vatn som natriumion og kloridion. Dei positive natriumiona vil binde seg til det negative DNA-molekylet.