Innledning
Kulturell identitet er basert på ein felles historie, dei same moralske verdiane, felles tradisjonar eller ein felles religion. Kulturell identitet handlar rett og slett om å føle tilhøyrsle til ein større gruppe.

Den britiske sosiologen og kulturteoretikaren Stuart Hall definerte kulturell identitet som «those aspects of our identity which arise from our belonging to distinctive ethnic, racial, linguistic, religious and, above all, national cultures (1992, s.274).

Innholdsfortegnelse
Oppgåve 2
«Vår nye sambuar»
Kjelder

Utdrag
Media gir ulike moglegheiter og avgrensingar for å kommunisere kulturell tilhøyrsle.

Dei teknologiske affordansane gir oss mogelegheit til å kommunisere kulturell tilhøyrsle gjennom sosiale media, som vidare gir oss mogelegheit til å dele innhald og vere med i sosiale nettverk.

Som til dømes Facebook og Instagram, som gir oss mogelegheit til å dele, like og kommentere andre sine innlegg. Dessa handlingane er med på å vise kva kultur ein høyrar til.

Ved å sjå på ein facebook-profil kan ein enkelt finne den kulturelle identiteten til personen, ved å sjå på bildar, videoklipp, personleg informasjon, og innlegg og verbaltekst som personen har delt, som er med på å vise til nasjonalitet, livsstil, sosial klasse o.s.v.

Modale affordansar viser òg den kulturelle tilhøyrsla, ettersom skrift, tale, kroppsspråk, bildar, farge, musikk o.s.v. er ulik i ulike kulturar.

Teksten, kroppsspråket, bildane og talen på ei nyheitssending på TV kan sei mykje om den kulturelle tilhøyrsla, ettersom det er ulike verdiar og forventingar som ligger i kulturar.

Dei situasjonelle affordansane kommuniserer òg kulturell tilhøyrsle, ettersom forventingane, interessene og behova til mottakaren i ein kommunikasjonssituasjon kan vere svært ulik i ulike kulturar.

Menneske kommuniserer kulturell tilhøyrsle og avstand både gjennom verbal og nonverbal kommunikasjon.

Det er hovudsakeleg identitetsmarkørar, som til dømes språk og heimstad, som kommuniserer kva kultur ein høyrar til.

Identitetsmarkørane uttrykkjer kven ein er. I Utdraget frå A. R. Naqvi viser Zeshan Shakar tilhøyrsle til den norske kulturen, ved å si «Jeg sier jeg er fra Oslo.», sjølv om han har andre røter.

Mens personen frå utdraget Shakar, Z. kommunisera meir avstand til den norske kulturen, ettersom han ikkje heilt veit kvar han høyrar til.

Han har ein litt negativ haldning til nordmenn, spesielt til den eldregenerasjonen. Han omtaler nordmenn som potetar, og kallar den eldregenerasjonen for skikkelege rasistar som diggar Frp.

Ein viser kulturell avstand ved å ha få fellestrekk med kulturen, eller ikkje same kulturbakgrunn, som kan føre til at ein følar seg utfor.