Innledning
Ordet kriminalitet brukast ofte om handlingar som er forbodet. Kva som blir oppfatta som kriminelt har variert gjennom åra.

Nokre handlingar har blitt kriminalisert, mens andre har blitt avkriminalisert. Det finst ulike typar lovbrot som for eksempel vinningskriminalitet, skadeverk, trafikk – kriminalitet, narkotikakriminalitet og seksualkriminalitet.

Utdrag
Årsaken til ungdomskriminalitet kan vere nært knytt til oppvekst og oppseding. Når ein har god og trygg oppvekst der ein blir møtt med respekt og anerkjenning, og ein blir lært opp til å følge lovar og reglar er det enklare å utøve dette når ein blir eldre.

Det er meir sannynlegheit at ein utan god oppseding, utføre kriminelle handlingar fordi ein har utfordringar med å følge normene ein skulle ha lært gjennom barndommen.

Andre årsaker til kriminalitet kan vere rus som er med på å bryte ned moralske vurderingar, dårleg økonomi, at ein for eksempel må stele for å hjelpe til i heimen, vold, spenningsbehov, vis ein er impulsiv og spenningssøkjande kan ein utføre handlingar utan å tenke på konsekvensane og det å føle seg utestengt frå fellesskapet kan gjere at ein utføre kriminelle handlingar.

Viss ein føler på at ein ikkje blir tatt vare på som ein del av samfunnet kan ein tenkje at lovene i samfunnet ikkje gjeld for seg sjølv.

På stader som Oslo der det er mest ungdomskriminalitet må kommunen kome med tiltak for å stoppe dette. Er ein under den kriminelle lågalder som er 15 år kjem barnevernet inn og tek hand om dei.