Innledning
«Jonas (22) er en langer» er ein samansett tekst, med ein alvorleg bodskap. Avsendar for teksten er det statleg eigde Vinmonopolet.

Målgruppa er hovudsakleg unge vaksne frå 18 år og oppover, då det er dei som langar mest.

I tillegg appellerer kampanjen til foreldre med ungar i 15-17års alderen, for å verna potensielle kjøparar.

Utdrag
Dei retoriske verkemidla jobbar saman i ein symbiose for å få fram bodskapen i annonsen. Likevel meiner eg patos skil seg ut frå dei andre.

Annonsen bruker patos i korleis dei vel å setja fram ein ung, glad og uskuldig gut i eit «mug-shot».

Vinmonopolet prøvar å visa at det ikkje er mykje som skal til før du blir kriminell. Dei viser til at dette er eit straffbar lovbrot som kan få ytterlege konsekvensar for deg og dei du sel til.